Hornindalsvatnet er ein innsjø i Eid og Hornindal kommuner i Sogn og Fjordane. Med si maksimale djupn på 514 m er den Europa sin djupaste innsjø. Vatnet har god fiskebestand, med røyr, ørret, ål og laks. Laksen og ålen kjem opp frå Nordfjorden og vidare opp Eidselva og opp i Hornindalsvatnet. Røyra vandrar fra djupare lag av vatnet og inn til sanddynene ved Grodås for å gyte. Ørreten går opp i Storeelva og andre mindre bekkar. I seinare tid har dei fleste bustadane rundt vatnet blitt knytt opp mot eit moderne renseanlegg, noko som gjer at den største kjelda til ureiningar i vatnet no kjem frå landbruket og frå nedbør. Eit sagn fortel om ein prest frå Nordfjordeid som under Svartedauden rodde seg over Hornindalsvatnet for å gje folk langs vatnet avlat og sikre at ikkje Gamle-Erik fekk sjelene deira. Som belønning krevde han gardsskjøyta til dei som strauk med. På veg ned att vatnet sto han opp i båten sin og sa: "Hornindalen, no e du min", mista balansen og forsvann så lang han var ned gjennom det blanke vatnet.
Hornindalsvatnet.jpg I seinare tid har ein annan prest, Jon Ytrehorn, leika med tanken å konstruere eit undervatnmuseum, som ein hyllest til innsjøen. På 70-talet blei Kjøsapollen i austenden av Hornindalsvatnet stengt av etter bygginga av Kjøs Bru. Berre ein liten passasje midt på brua knyt naturperla saman med resten av innsjøen. Dette slette dømet på brubygging har gjort at Kjøsapollen er begynt å gro til, og i samband med bygging av Kvivsvegen vil dette vere eit varmt diskusjonstema i bygda som er stolte av vatnet sitt.
Hornindalsvatnet | Hornindalsvatnet | Hornindalsvatnet | Hornindalsvatnet
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Hornindalsvatnet".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world