Virveldyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — bare 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.
Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.
Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.
virveldyr | Ryggradsdjur | Hvirveldyr
Vertebrat | Obratlovci | Fertebrat | Wirbeltiere | Vertebrate | Vertebrulo | Vertebrado | Selkärankaiset | Vertebrata | Wringedier | בעלי חוליות | Vertebrato | Vertebrata | Hryggdýr | Vertebrata | 脊椎動物 | 척추동물 | Vertebrata | Gewèrvelde diere | Stuburiniai | Vertebrat | Gewervelden | Categoria:Vertebrata | Kręgowce | Vertebrata | Позвоночные | Vertebrate | Stavovce | Vretenčarji | Кичмењаци | สัตว์มีกระดูกสันหลัง | Omurgalılar | 脊椎动物
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Virveldyr".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world