Verb, eller gjerningsord, kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt o.a. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand'' (vera, finnast, leva, blotne).
Valens
Valensen eit verb har målber kor mange
rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens:
Univalente verb
Eit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:
- Ho spring (vi seier ikkje «ho spring hunden» eller «ho spring hunden trim»)
- Dei datt (vi seier ikkje «dei datt ordføraren» eller «dei datt grannen ei bok»)
Bivalente verb
Eit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):
- Han et fisk (vi kan ikkje seie «han et fisken mat»)
- Vi ser kaninane (vi kan ikkje seie «vi ser kaninane ei gulrot»)
- Ho hjelpte studentane (vi kan ikkje seie »ho hjelpte studentane leksene»)
Trivalente verb
Eit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:
Andre typar valens
På nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:
Verbbøying
Verbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbormer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det.
Finitte verbformer
Modus
Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegnet. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla.
Tid (tempus)
Aspekt
Infinitte verbformer
Infinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som
substantiv eller som
adjektiv. Den første typen kallast
infinitivar (i argumentposisjon) eller eller
gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre
partisipp.
Infinitivar
Gerundiumsformer
Partisippformer
Kongruens
Ordklassar
Verb | Verb | Udsagnsord | Werkwoord | فعل | Дзеяслоў | Verb | Глагол | Verb | Глагол | Sloveso | Verb | Verb | Verbo | Verbo | Sagnorð | Verbe | Gnìomhair | Verbo | Glagol | Verbo | חלקי הדיבר | Verbum | Darbības vārds | Werkwoord | 動詞 | Czasownik | Verbo | Verb | Глагол | Verb | Verbi | Дієслово | 动词