Våren (1907) av Carl Larsson.jpg]] Scandinavia M2002074 lrg.jpg er fortsatt snødekt, i Norge er kystområda snøfrie, medan heile det sørlege Sverige er vårgrønt.]]
Vår er årstida som markerer enden på vinteren og komen til sommaren. I tempererte område er det vanleg å seia at våren byrjer når knoppane på trea brest og, i kaldare område, når snøen smeltar. I meteorologien rekner ein våren som den tida temperaturen er mellom 0 og 10 grader og stigande. Ein kan òg han som ei viss tid: månadane mars, april og mai på den nordlege halvkula og september, oktober og november på den sørlege. I astronomisk tidsrekning byrjer våren ved vårjamdøgn og ender ved sommarsolkverv.
Kva tid våren kjem på, kjem likevel mest an på lengdegrada ein er på. I snøfrie områd på den nordlege halvkula kan våren koma i februar, medan han ikkje kjem før i juni i polare område.
Våren blir feira med ei rekke høgtider. I mange kulturar har det nye året byrja om våren. I Noreg er påsken og 17. mai viktige vårhøgtider. Andre høgtider som høyrer våren til er bulgarsk martenitsa og japansk hanami.
Årstida har òg inspirert kunstnarar, både målarar, som Botticelli og Arcimboldo, komponistar som Grieg og Vivaldi, og eit utal diktarar.
årstider | meteorologi | vår
Frühling | Primavera | Пролет | Primavera | Frühling | Άνοιξη | Spring (season) | Printempo | Primavera | بهار | Printemps | Primavera | אביב | Proljeće | Primavera | 春 | გაზაფხული | 봄 | Lente | Wiosna | Primavera | Весна | Pomlad | Mùa xuân | 春季