Uran er eit radioaktivt, metallisk grunnstoff med kjemisk symbol U og atomnummer 92. Halveringstida er 4,5 milliardar år. Det tilhøyrer aktinida og dermed f-blokka i periodesystemet.
Uran blir brukt som drivstoff i kjernekraftverk, og sprengstoff i atomvåpen. Utarma uran blir brukt i panserbrytande ammunisjon.
Uran blir brukt som drivstoff i kjernefysiske reaktorar i kjernekraftverk (atomkraftverk). Prinsippet for desse er at varmen som oppstår ved spontan fisjon av uran blir overført til eit primært kjølemedium (tungtvatn eller smelta natrium), som vidare varmar opp sekundært kjølevatn som gjennom dampturbinar genererer elektrisk straum.
Uran blir òg brukt som sprengstoff i atomvåpen. Ei vanleg atombombe inneheld fleire klumpar med subkritiske mengder uran som under detonasjonen vert samanføyd til ei kritisk mengde (d.e. at talet på partiklar som kjem frå ein fisjonsreaksjon og som har rett energi og skaper nye fisjonar, i gjennomsnitt er større enn 1), som då eksploderer spontant. Uran som skal brukast i atomvåpen må oftast vera anrika uran, det vil seia at mengda av middels radioaktive isotopar, særleg 235U, er auka i forhold til den naturlege førekomsten.
I seinare år har somme produsentar av konvensjonelle våpen teke i bruk utarma uran i panserbrytande ammunisjon, av di uran er svært tett og tungt og kan bryta gjennom tjukt panser. Utarma uran inneheld i hovudsak den minst radioaktive isotopen 238U, men også små mengder av meir radioaktivt material. Bruken av utarma uran i konvensjonelle våpen er omstridd på grunn av den radioaktive forureininga som militært personell på begge sider – og naturen – blir utsett for.
I tillegg til at uran er radioaktivt og dermed skadeleg, er uransambindingar kjemisk giftige. Dei kan særleg skada lever og nyrer.
Uran | Uran | Uran | Uran | يورانيوم | Уран (елемент) | Urani | Uran (prvek) | Uran | Uraan | Ουράνιο | Uranium | Uranio | Uranio | اورانیوم | Uranium | 우라늄 | Uranij | Uranio | Uranium | Uranio | אורניום | Urāns (elements) | Uran | Uranas (chemija) | Urán | Uranium | ウラン | ئۇران (مېتلا) | Uran (pierwiastek) | Urânio | Уран (элемент) | Uranium | Urán (prvok) | Uran | Уранијум | Uraani | Uranio | யுரேனியம் | ยูเรเนียม | Uranyum | Уран (хімічний елемент) | 鈾