Universet vert definert som verdsrommet og all materie og stråling som finst i rommet.
Eit kompromiss som mange trur på er at ting går i rundgang. Når ein kjem til den eine enden av universet, kjem ein ut på andre sida. Det vil seie ein uendelig mengde speglande univers, eller rett og slett ein boks kor ein kjem til den andre sida når ein går inn i ein kant. Dette er eigentlig ikkje noko brukanes kompromiss, sidan det å gå frå den eine til den andre enden jo i praksis vil seie ein ende på universet, der ein bare kjem tilbake til start, som ein boks, ei kule eller ein globus. Då vil ein tenke det er noko utanfor både enden og slutten. Om ein då tenker at dette berre er byrjinga igjen, vil det vere same uforståelige fenomenet igjen.
Innan vitskapen er det no flest tilhengarar av ein teori om at universet oppstod gjennom Big Bang for om lag 13,7 milliardar år sidan, med ein feilmargin på 1 prosent (± 200 millionar år). Dette er i følgje NASA's Wilkinson Microwave Anisotropy Probe (WMAP) og basert på at dei underliggande modellane for dataanalyse er korrekte. Ein annan estimeringsmetode vil gje ein annan alder.
Ekspansjonen frå Big Bang pågår framleis, og moderne forsking synest å tyde på at den til og med akselererar. Fleire teoriar har vortne lagde fram kring kva som driv ekspansjonen. No for tida er den mest populære teorien at det er mørk energi. Resultatet blir eit univers som blir større og større og der dei ulike delane av universet går stadig lengre frå kvarandre.
I statistikk er omgrepet univers ein samtyding til omgrepet populasjon. Universet er samlinga av alle tilfella som ein vil sjå på statistisk. Til vanleg vel ein ut eit visst utval frå universet, og generaliserer frå slutningar dregne frå utvalet til heile universet.
Universet | Universum | Universet | فضاء كوني | Svemir | Вселена | Univers | Vesmír | Universum | Universum | Σύμπαν | Universe | Universo | Universo | Univers | Universo | 우주 | Svemir | Universo | Alam semesta | Alheimurinn | Universo | היקום | Swiatnica | Gerdûn | Universum | Visums | Visata | Világegyetem | Alam semesta | Heelal | 宇宙 | Annevierzo | كائىنات | Sikluban | Wszechświat | Universo | Univers | Вселенная | Universe | Vesmír | Vesolje | Свемир | Svemir | Maailmankaikkeus | அண்டம் | Vũ trụ | Всесвіт | 宇宙
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Universet".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world