Ulv (Canis lupus) er eit rovdyr frå hundefamilien som jagar i flokk. Ulven var tidlegare vanlig i store delar av verda, men i dag finst han bare i enkelte område i Nord-Amerika, Europa, Asia og Midtausten. Ulven var tidlegare vanleg i Noreg òg, men er nå blitt ein svært truga art i landet. Vår heimlege ulveart blir kalla gråulv for å skilja han frå andre ulvetypar, som raudulv, prærieulv og etiopisk ulv. I tillegg har han gått under andre namn, som varg og gråbein.
Pelsfargen er vanlegvis grå eller gråbrun, men dyra kan òg ha andre vanlege hundefargar, som raudleg, brun, svart og kvit, det siste særleg i område der snø er vanleg. Svært gamle ulvar grånar i fargen. Dei har sjeldan mønster i pelsen, bortsett frå rundt auga.
Tamme hundar stammar frå ulvar, og sjølv om dyra skil seg frå kvarandre i lynne og utsjånad, er dei fortsatt same art. Ulven skil seg likevel anatomisk frå hunden på nokre område: Han har ein duftkjertel på oversida av halen som hundane manglar, han har alltid gylne auge, føtene er lengre med større potar og kjeven er skarpare i forma.
Yngre ulvar forlet gjerne flokken og vandrar rundt åleine til dei finn ein ny flokk. I villmarka er vanleg levealder 6–9 år, men ulvar i fangenskap kan nå ein alder på 16 år.
Dyra har hatt rollen som fosterforeldre i myten om Remus og Romulus og i den nyare Jungelboka, og som dyktig hjelpar i Fantomet.
Menneske og ulvar har og vore konkurrentar om dei same byttedyra. Medan dei to artane slo seg saman i eit fruktbart samarbeid i form av hunden, har menneske alltid ført krig mot ulvar som tok husdyra deira. Canis lupus portrait.jpgulv.]] Med det industrialiserte samfunnet er mange av leveområda til ulvane blitt øydelagde og mange av dei viktigaste byttedyra forsvunne, samstundes som ein har drive effektiv ulvejakt. På grunn av dette er ulven utrydda eller svært truga i mange område. Ein del ser fortsatt på ulven som trugsmål mot seg sjølv og næringsgrunnlaget sitt, og ønsker å avgrensa arten vidare.
Gråulv | Varg | Ulv | Wulf | Llobu | Lông | Вълк | Llop | Vlk obecný | Wolf | Hunt | Λύκος | Gray Wolf | Canis lupus | Lupo | Otso | گرگ | Loup (mammifère) | Lobo | 𐍅𐌿𐌻𐍆𐍃 | 이리 | Volfo | Canis lupus | זאב מצוי | Chen | Lupus | Pilkasis vilkas | Farkas | Wolf (dier) | オオカミ | Wilk | Lobo cinzento | Lup cenuşiu | Волк | Wolf | Volk | Вук | Susi | Kurt | Вовк | Leu | 狼