Ein traktor er eit køyrety som er laga for å drive ulike arbeidsreiskap i jordbruk og skogbruk, og for å dra tunge lass på ujamnt og lite bærekraftig underlag. Hjula har stor diameter og breidd og er utstyrte med mønster utforma for å gje godt feste utan å riva opp overflata. For å auka bereevna og markgrepet er lufttrykket i hjula etter måten lågt. Traktorar går ikkje fort, kraftoverføringa er heller laga til slik at dei skal kunne dra tungt.
Den fyrste traktoren i Noreg kom til landet i 1908. Det var ein Ivel, av same type som traktoren på svartkvittbiletet til høgre. Eigar var Isach Coldevin på Dønnes gard, i Dønna, litt nord for Sandnessjøen i Nordland fylke.
Fram til 1950 hadde dei fleste traktorar forgassarmotor eller glødehovudmotor. Forgassarmotorane nytta bensin eller parafin som drivstoff. Parafin var billigare, men førte til at det var meir omstendeleg å starta motoren; det var vanleg å starta dei opp og køyre dei varme på bensin og så kobla over til parafindrift når motoren hadde kome opp i normal arbeidstemperatur. Dei aller fleste forgassarmotorane som vart nytta som traktormotorar var firetaktsmotorar.
Mange europeiske traktorar hadde glødehovudmotorar, òg kalla semidieselmotor, som gjekk på billig råolje. Sylindrtoppen hadde ikkje kjøling og drivstoffet var sprøyta inn (rett før stemplet nådde toppen), retta mot den raudglødande sylindertoppen, som var varm nok til å setta i gong forbrenninga. Dette var totaktsmotorar, som trekte inn luft via veivhudet, og som kunne startast i motsette rotasjonsretning. På nokre traktorar vart denne eigenskapen nytta i staden for reversgir. Om ein kvelte motoren i ein motbakke, slik at den stogga, hendte det at motoren starta i feil rotasjonsretning.
I Tyskland hadde dieselmotoren vore nytta i traktorar frå midten av tjuetalet, men det var fyrst rundt starten av femtitalet at den for alvor vart teken i bruk i andre land. Ein av grunnane til at det tok så lang tid før dieselmotoren slo gjennom er at ein dieselmotor har om lag dobbelt så stor kompresjon som forgassar- og glødehovudmotorar, noko som fører til at trykket i sylinderen og kreftene som verkar på dei bevegelege delane er mykje større enn for forgassar- og glødehovudmotor. Ein dieselmotor stiller difor større krav til materialkvalitet og toleransar på kritiske deler, noko som fører til at prisen aukar. Ein dieselmotor set òg større krav til kvaliteten på drivstoffet. Ein annan faktor, som ein ikkje skal sjå bort frå, var at kundane var skeptiske på ny teknologi. Mange såg meir på innkjøpsprisen enn på totaløkonomien over heile levetida til traktoren.
Dieselmotoren utnyttar energien i drivstoffet betre enn forgassar- og glødehovud-motorar. Den er driftssiker og har gode seigdragningseigenskapar. Rundt starten av femtitalet hadde utviklinga av dieselmotoren kome så langt at føremonene med betre økonomi og driftsikkerheit overtydde skeptikarane om at dieselmotoren høyrde framtida til. Skiftet til dieselmotor gjekk svært snøgt då det fyrst var kome i gong og etter 1960 hadde så godt som alle traktorane dieselmotor.
Dei fyrste traktorane vart fyrst og fremst nytta til pløying og som stasjonærmotorar for til dømes trøskverk. Effekta vart overført via reimskive og flatreim. Dei var utstyrte med jarnhjul og lunne difor ikkje nyttast til transportføremål. Plogane som vart nytta var i lang tid slepeplogar, som dei fyrste åra vart drege ettet ein kjetting. Seinar vart plogane kobla til ein trekkbom. Dei fyrste løfteplogane vart ploduserte samtdig med at Ferguson utvikla og tok patent på det hydrauliske trepunktsopphenget med automatisk djupregulering.
Areidsoppgåvene vart etter kvart utvida til mange andre kultiveringsoppgåver, ved at horver, gjødselspreeiarar, såmaskiner, osb. vart tilpassa traktorane. Heilt nye arbeidsreiskapar, som til dømes jordfresar, forhaustarar, vinsjar, osb., kom til seinare.
Etter kvart var traktorane òg nytta til innhausting. I fyrstninga drog dei hestereiskap etter seg, men etter kvart vart reiskapen tilpassa traktordrift. Etter at det vart vanleg med kraftuttak vart dette nytta til å driva slåmaskiner og sjølvbindarar, òg seinare skurtrøskarar. Etter at det vart vanleg med gummihjul kunne traktorane nyttast til transport på veg, noko som var til svært stor nytte for landbruket.
Mot slutten av førtitalet vart det meir og meir vanleg å nytta traktor til tømmerkjøyring. Firehjulsdrift var ikkje vanleg enda, så traktorane som vart nytta til skogsdrift var ofte utstyrte med halvbelter; det svenske firmaet ØSA var ein førgangar på dette området. I ettertid vert femtitalet ofte kalla halvbeltetiåret. Etter at det vart vanleg med firehjulsdrift avtok interessa for halvbelter. Utover sekstitalet vart skogstraktorar utstyrte med spesialbygde tilhengarar (sume med drift på tilhengarhjula), vinsj, gripelastar, osb. Slike spesialutrusta skogstraktorar vart opphavet til moderne skogsmaskiner. På dette området låg svenske firma svært langt framme i utviklinga. På grunn av eit meir brattlendt terreng var utviklinga i Noreg annleis enn i Sverige. I dei flatlendte svenske skogane var det skotare (lasssbærande skogsmaskiner) som passa best, medan det i dei brattlendte norske skogane var mest rasjonelt å nytta vinsj for å samla tømmeret og så slepa det etter traktoren. Denne arbeidsmetoden vert kalla lunning. Etter kvart vart det ytvikla spesialbygde lunningsmaskiner.
Samtidig med at traktorar vart tilpassa skogsdrift vart dei òg trekne i bruk innan anleggsarbeid. Fyrst ved at det vart utvikla robuste tilhengarar og seinare ved at desse utvikla seg til moderne dumperar. Hjullastarar vart utvikla på same viser, ved at jodbrukstraktorar vart utstyrte med kraftige frontlastarar. Traktorgravarar såg òg dagens ljos på same måten.
Traktor | Traktor | Traktor | جرار | Traktor | Traktor | Traktor | Tractor | Tractor | Traktoro | Tracteur agricole | Tractor | טרקטור | Tractor | Traktorius | Tractor | トラクター | Trecker | Ciągnik | Tractor | Трактор | Трактор | Traktori | Traktör | 拖拉机