Ei trafikkulukke er ei ulukke som ofte fører ofte til personskade, og endå oftare til skade på køyrety. Biltrafikken forårsakar mange ulukker kvar dag, som oftast i form av kollisjonar.
I Noreg må den som eig ein bil, stå til ansvar for skade som bilen påfører andre (objektivt bilansvar). Difor er alle bileigarar pålagde (gjennom bilansvarslova) å teikna ansvarsforsikring. Dei som vil forsikra seg mot utgifter som følgjer av skade på eigen bil, lyt i tillegg teikna kaskoforsikring.
I 2005 var det 8 122 registrerte ulukker på norske vegar. 11 546 personar vart skadde og 223 vart drepne. I resten av verda vert rundt rekna 50 millionar menneske skadde og 1,2 millionar menneske drepne kvart år av biltrafikk.
I januar 2006 registrerte politiet i Noreg 493 ulukker med personskade. 13 menneske omkom og 709 vart skadde i desse ulukkene. Av dei 13 omkomne den månaden var åtte bilførarar, to bilpassasjerar og tre fotgjengarar. Tilsvarande tal for januar i 2005 var 19 omkomne og 769 skadde, medan januarsnittet for tiårsperioden 1997–2006 er 21 drepte og 764 skadde.
Verkehrsunfall | Motor-vehicle collision | Accidente de tráfico | Prévention routière | 교통사고 | תאונת דרכים | 交通事故 | 車禍
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Trafikkulukke".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world