article

Tobakk er tørka og bearbeidde blader frå tobakksplanten. Tobakksplanten kom frå Amerika til Portugal på slutten av 1400-talet og spredte seg i løpet av det neste hundreåret til størstedelen av Europa. Kommersiell dyrking av tobakk starta i 1612 i Virginia i USA. Det var særleg rundt den andre verdskrigen at det blei vanleg å røyke sigarettar.

Tobakksproduksjon


Råstoffet tobakk produserast i dag i over 30 land, dei fleste er utviklingsland. I Malawi og ein del andre afrikanske land er det tobakksproduksjonen som gir den største eksportinntekta. Den internasjonale arbeiderorganisasjonen ILO har peika på ei rekkje kritikkverdige tilhøve på tobakksplantasjene. Arbeidarane er ofte underbetalte og har dårleg vern mot sprøytemidlar. Barnearbeid er vanleg, og i fleire land bidreg tobakksproduksjonen til avskoging og erosjon.

Innhald i tobakk


Moderne sigarettar er høgteknologiske industriprodukt der smak, nikotininnhald og andre faktorar blir fastsett under produksjonen. Det finnast ulike tobakkstyper og ulike måtar å foreidle tobakken på. Snus, sigarettar og rulletobakk var i starten reine naturprodukt, medan moderne tobakksprodukt inneheld ei lang rekkje tilsetjingsstoff.

Kjelde


 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Tobakk".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld