Temperatur er den fysiske eigenskapen som er grunnlaget for om ein gjenstand vert oppfatta som varm eller kald. Gjenstanden med høgast temperatur vil oppfattast som varmast. Temperatur er direkte knytt til mengda termisk energi i systemet, det vil seia tilfeldige rørsler i atom og molekyl i systemet. Mikroskopisk vil ein auke i temperaturen tilsvare ein auke i den absolutte gjennomsnittsfarten til atoma og molekyla.
Liv er avhengig av fleire slike reaksjonar, og kan trugast av andre som skjer dersom det blir for varmt eller kaldt. Derfor kan ein del varmblodige dyr regulera kroppstemperaturen sin. Kaldblodige dyr er avhengige av varmetilførsel utanfrå for å kunne fungera.
Formelt er temperatur den eigenskapen som styrer overføring av termisk energi, eller varme, frå eit system til eit anna. Når to system har same temperatur er dei i termisk likevekt og inga varmeoverføring vil finna stad. Når det er ein temperaturforskjell vil varme gå frå systemet med høgast temperatur til det med lågast temperatur, til likevekt er oppretta igjen. Denne varmeoverføringa kan skje ved konduksjon (direkte kontakt), konveksjon eller stråling.
Temperatur | Temperatur | Temperatur
Temperatura | Temperatura | Температура | Temperatura | Teplota | Temperatur | Temperatuur | Temperature | Temperatura | Temperaturo | Tenperatura | Température | Temperatura | 온도 | Temperatura | Temperaturo | Suhu | Hitastig | Temperatura | טמפרטורה | Temperatura | Temperatūra | Temperatūra | Hőmérséklet | Температура | Temperatuur | 温度 | Temperatura | Temperatura | Температура | Temperature | Teplota | Temperatura | Температура | Temperatura | Lämpötila | வெப்பநிலை | อุณหภูมิ | Nhiệt độ | Температура | 温度
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Temperatur".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world