Strawberry jam glass.jpgsyltetøy på ei vindauge.]]
Syltetøy er eit pålegg laga av kokt og/eller most frukt eller bær oftast blanda med eit søtningsstoff som normalt er sukker.
Syltinga er ein effektiv måte å ta vare på matvarer på. Når blandinga når ein temperatur på 104 °C vil syra og pektinen i frukta reagera med sukkeret. Etter dette blir syltetøyet stivt når det kjøler seg ned. Nokre frukttypar, som bringebær, solbær, stikkelsbær, rips, epler og sitrusfrukt, har høgt pektininnhald og reagerer lett på den forventa måten. For andre typar, som jordbær og bjørnebær, må ein tilsetja pektin eller andre stoff for å få tjukk konsistens på blandinga. Syltetøy kan òg lagast av ei blanding av ulike frukter og bær.
Ut frå kva fruktdelar ein tek med kan ein få ulik konsistens på syltetøyet. Som regel vil det innehalda frø og bitar av tynne fruktskal. Dersom ein filtrerer fruktmassen slik at det blir klårt, blir produktet kalla gelé. Tek ein med bitar av tjukkare fruktskal frå til dømes appelsin blir det kalla marmelade.
I Noreg har ein lange tradisjonar for å sylta syltetøy. I dag har færre folk tid til å hausta det som trengs og laga til, og det er dermed blitt vanleg å kjøpa fabrikkprodusert syltetøy.
Marmelad | Marmelade | Jam | Confiture | Marmelada | Marmellata | ריבה | Jam (broodbeleg) | ジャム | Dżem | Compota
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Syltetøy".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world