Stein viser til bergartar, særleg om dei har ein viss storleik, til bitar av berg og til stein som materiale. Det er mykje brukt som mannsnamn og stadnamn, både åleine og som namnedel.
Stone windows macchupichu.jpg.]]
Aramean funeral stele Louvre AO3026.jpg gravstele av basaltstein frå 600-talet f.Kr..]]
Stein som materiale
Stein er i regelen eit solid og slitesterkt materiale som særleg blir brukt i
monumentalbygg, som
tempel,
slott og viktige offentlege bygg. Det kan skjerast til i blokker og formast til
skulpturar eller
relieff. I
helleform kan stein brukast på
golv eller
tak.
I Noreg har det vore mindre brukt som byggemateriale, men lause steinar er blitt brukte til å laga steingardar og grunnmurar og til vardebyggjing.
Steinar kan polerast og brukast som smykkestein. Mindre steinar blir kalla grus, medan sandkorn er så små at dei ikkje blir rekna som steinar.
fil:Scotland Skye Trotternish.jpg|Hus av stein på den skotske øya Skye.
fil:Cherain JPG03.jpg|Belgisk hus med veggar og tak av stein.
fil:Trondheim-cathedral.jpg|Monumentalbygg som Nidarosdomen er ofte blitt bygd i stein.
fil:Vignola castello.jpg|Vignola castello i Modena.
Stein som stadnamn og slektsnamn
Namnet
Stein på ein
gard kan visa til ein stor kampestein eller
bautastein som stod på garden.
Stein som personnamn
Stein er særleg brukt i mannsnamn, og kan visa til det solide og vernande ved ein stein. Namnet var mest brukt i Noreg på 1950-talet.
Nokre namnesamansetjingar for menn er Arnstein, Torstein og Øystein.
Steinhild, Steinlaug og Steinunn er meir uvanlege kvinnenamn.
Kjende namneberarar
Bakgrunnsstoff
Kjelder
materiale | mannsnamn | gardsnamn | namnedelar
Stein (Begriffsklärung) | Stein | Stone | sxtono | Pierre | Kamen | 石