Eit solsystem (eller planetsystem) inneheld planetar og andre himmellekamar (til dømes asteroidar) som kretsar i bane rundt ei sentral stjerne.
Solsystemet vårt inneheld sola, ni kjende planetar, over hundre kjende månar, og titusenvis av mindre himmellekamar som asteroidar, kometar og kuiperlekamar.
Planetane er, frå inst til ytst: Merkur (☿), Venus (♀), jorda/Tellus (♁), Mars (♂), Jupiter (♃), Saturn (♄), Uranus (X - Uranus B.png) og Neptun (♆), og tradisjonelt òg Pluto (♇). Alle namna så nær som jorda er henta frå romersk mytologi. Alle planetane bortsett frå Pluto har vore vitja av romsondar frå jorda i løpet av dei siste tiåra.
Det var Nikolaus Kopernikus som først laga ein vitskapleg modell av Solsystemet. Planetane går i elliptiske banar rundt sola. Alle kretsar i same retning (med urvisaren, sett frå eit punkt over den sørlege halvkula; mot urvisaren viss du svevar over Nordpolen), men med ulik fart. Alle banane ligg i same plan. Dette kunne astronomane rekna seg fram til basert på observasjonar gjorde med teleskop. Mesteparten av det andre vi i dag veit om vårt eige solsystem, er blitt skaffa til vege av romsondar.
Solsystem | Solsystem | Solsystem
نظام شمسي | Sistema solar | Слънчева система | Sistema Solar | Solsystem | Sonnensystem | Solar system | Sunsistemo | Sistema solar | Päikesesüsteem | سامانه خورشیدی | Système solaire | Sinnestelsel | מערכת השמש | Sunčev sustav | Naprendszer | Systema Solar | Tata Surya | Solari sistema | Sólkerfið | Sistema solare | 太陽系 | 태양계 | Saulės sistema | Sistem suria | Zonnestelsel | Układ Słoneczny | Sistema Solar | Sistem solar | Солнечная система | Solar system | Aurinkokunta | Solsystem | Güneş Sistemi | Сонячна система | 太阳系 | 太陽系
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Solsystemet".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world