article

Snow in Colarado in the United States of America.jpeg i USA]] Snø er nedbør i form av krystallinsk vassis og kjem ned i store mengder snøflak. Ettersom snøen er sett saman av små, grove partiklar, er det eit granulært material. Snøen har ein open og dermed mjuk struktur, dersom han ikkje er pakka saman av eksternt press.

Snø vert vanlegvis danna når vassdamp går gjennom deposisjon høgt i jordatmosfæren ved temperaturar under 0°C, og deretter fell til bakken. Snø kan også lagast ved hjelp av snøkanonar, sjølv om det dei lagar er partiklar som liknar meir på hagl.

Typar snø og snøvêr


Litt lett snøvêr med små snøflak vert gjerne kalla ei snøbye. Dersom det snør tettare, gjerne med større og tyngre snøflak, kan ein kalle det snøkav eller snøkave. Snø i form av små ispartiklar kaller ein hagl.

Dersom det blæs kraftig samstundes som det snør, seier ein gjerne at det er ein snøstorm. Snøstormar kan ein òg ha dersom det ikkje snør, men ligg mykje (helst tørr og lett) snø på bakken.

Dei samiske og eskimoiske språka har over 100 ord som seier noko om snø og eigenskapane, til dømes om den er våt eller tørr eller tung. Norsk har eit tilsvarande tal omgrep for snø *, men sia norsk baserar seg på ordsamansetnader blir talet på eigne ord mindre.

Utbreiing


Snøfall varierar med tid og stad, inkludert geografisk breiddegrad, høgd over havet og andre faktorar som jamnt over påverkar vêret. På breiddegrader nærare ekvator, er det mindre sjanse for snø, 35° vert ofte rekna som ei grov grense. Vestkystane på dei store kontinenta har høgare snøgrenser enn elles.

Nokre fjell, sjølv nær ekvator, har permanent snødekke på toppane, inkludert Kilimanjaro i Tanzania. Motsett har mange regionar i Arktis og Antarktis lite nedbør og dermed lite snø til tross for den bitre kulden. Under ein viss temperatur misser luft evnen til å bere vassdamp.

Ein reknar vanlegvis med at ein millimeter regn tilsvarar ti med snø. Dette er likevel berre ein grov guide då tettleiken til fersk snø varierar kraftig.

small snowman.jpg

Store mengder snø kan forstyrre infrastruktur og tenester sjølv i regionar som er vant til det. Trafikk kan verte forsinka, eller attpåtil stoppe heilt opp. Grunninfrastruktur som elektrisitet og telefon kan verte sett ut av funksjon, særskilt dersom ledningane går over bakken. Fleire stadar har ein snødagar der mykje snøfall gjer at ungane ikkje treng å gå på skulen. Kor mykje som skal til for å få ein slik dag, varierar gjerne med kor vant ein er med snø i regionen. Snødagar og anna kaos grunna snøfall, vert ofte gjort narr av av folk i snørike regionar. Eit døme er tromsøværingar som synest at Oslofolk klagar mykje meir over snøen enn det som burde vere naudsynt.

Den høgaste målte totale nedbøren av snø gjennom ein sesong som nokon gong er målt i verda, var på Mount Baker i Washington, USA i 1998-1999 då dei målte 28,96 meter. Dette var meir enn den forrige rekorden som var halden av Mount Rainier i Washington, USA som i 1971-1972 fekk 28,5 meter med snø. Dagsrekorden er frå Silver Lake i Colorado i USA med 1,93 meter i 1921. I Noreg er det ÅlfotbreenVestlandet som har den største målte snømengda, om lag 15 meter snø fell der kvart år.

Sjå også Liste over land med snøfall

Fritid


Fritidsaktivitetar som er avhengige av snø:

Dersom det er for lite snø, men temperaturen likevel er låg nok, kan snøkanonar nyttast til å produsere passe mengder snø til slike leikar.

Tettpakka snø kan brukast som byggjemateriale i til dømes igloar eller andre snøhytter og snøholer.

Geometri


SnowflakesWilsonBentley.jpg, 1902]]

Eit interessant spørsmål er kvifor armane på eit snøflak er symmetriske, og kvifor det ikkje finst to like snøflak. Ein trur at svaret ligg i det faktum at distansen mellom snøflaka er mykje større enn distansen over dei.

Snøflaka har alltid seks symmetriaksar, noko som kjem frå den heksagonale krystallstrukturen til vanleg is (òg kjend som is Ih).

Grovt sett er der to moglege forklaringar på symmetrien til snøflaka. Den første er at der kan vere kommunikasjon (informasjonsflyt) mellom armane, slik at veksten i kvar arm påverkar veksten i kvar av dei andre armane. Overflatespenning eller fononar er måtar slik kommunikasjon kan foregå. Den andre forklaringa, som ser ut til å vere det sterkaste synet, er at armane til snøflaket gror uavhengig i eit miljø der ein trur det er raske endringar i temperatur, luftfuktigheit og så bortetter. Ein reknar med at dette miljøet er relativt homogent i det området der eitt enkelt flak oppheld seg, noko som kan leie til at armane veks seg like ved å reagere likt på like omstende på samme måte som uavhengige tre responderar på miljøendringar ved gro bortimot identiske årringar. Forskjellane i miljøet i skalaer større enn snøflaket leier til den observerte mangelen på korrelasjon mellom forskjellige snøflak.

Tanken om at det ikkje finst to like snøflak er ikkje heilt korrekt. Det er nemleg mogleg, om svært usannsynleg, at to snøflak kan vere visuelt identiske dersom miljøa der dei vart laga var like nok, anten fordi dei vaks veldig nær kvarandre, eller ved ei tilfeldigheit. American Meteorological Society har rapportert at like snøkrystallar har vorte oppdaga av Nancy Knight frå National Center for Atmospheric Research. Krystallane var ikkje flak slik som folk flest kjenner dei, men heller innhola heksagonale prismer.

Sjå òg


Tsuzumi snow crystal.jpg-tromma.]]

På verdsveven


Snø | Meteorologi | Vatn

Snø | Snö | Sne | Nieu | Сняг | Neu | Sníh | Schnee | Χιόνι | Snow | Nieve | Neĝo | برف | Neige | Snie | Neve | 눈 (날씨) | Snijeg | Nivo | Salju | Snjór | Neve | שלג | Berf | Sniegs | Sniegas | Sneeuw | | قايىل قىلماق | Śnieg | Neve | Zăpadă | Снег | Snow | Sneg | Снег | Lumi | หิมะ | Kar | Сніг |

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Snø".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld