article

Ein skonnert er eit sneseglrigga seglskip med minst to master. Dei tomasta skonnertane skil seg ut frå galeasar og briggar ved å ha stormasta som aktermast. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved stormasta er primært sneseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.

En skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Skip med kombinert rigg blir kalla skonnertbark eller skonnertbrigg. Den reint sneseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl.

Den typiske skonnerten har to master, men dei største skipa kunne ha opptil sju master.

Namnet skonnert kjem frå engelsk schoon (smuttstein) — dvs. ‘som glid lett i sjøen’.

Seglskip

Skonnert | Skonert | Skonnert | Schoner | Schooner | Goleta | Goélette | Skonnorta | Schooner | Schoener | Szkuner | Шхуна | Škuna | Kuunari

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Skonnert".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld