article

Krankenschwester Haeuslich0.jpg

Ein sjukepleiar er ein helsearbeidar utdanna i sjukepleie. Sykepleiarar arbeidar i alle delar av helsetenesta. Sjukepleiarar driv både med direkte sjukepleie og leiing av sjukepleietenesta.

Utdanning


Sjukepleierutdanninga i Noreg er treårig og gjev bachelorgrad i sjukepleie. I dag er det 46 høgskular som har tilbod om sjukepleierutdanning.

Autorisasjon


Det er statens autorisasjonskontor som gjev autorisasjon som helsepersonell og kvar helsearbeidar får eit eige registreringsnummer i helsepersonellregisteret (HPR)

Autorisasjonen skal sikre at sjukepleiaren har dei nødvendige kvalifikasjonar for yrket. Autorisasjon opphører ved fylde 75 år. Sjukepleiarar som ynskjer å jobbe som sjukepleiar etter fylde 75 år må søkje om lisens.

Tittelen «Sjukepleiar» er ein verna yrkestittel med heimel i lov //www.lovdata.no/all/nl-19990702-064.html 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) med seinare endringar. Personar utan autorisasjon har ikkje adgang til å nytte same tittel eller tittel som liknar eller kan gje inntrykk av at vedkommande har autorisasjon. Den gamle nemninga «Offentleg godkjend sjukepleiar» fall bort med denne lova.

Spesialisering


Noen sjukepleiarar er spesialsjukepleiarar, med etterutdanning i spesialfelt som anestesisjukepleie, intensivsjukepleie, nevrosjukepleie, barnesjukepleie eller operasjonssjukepleie. Jordmødre og helsesøstre er òg spesialsjukepleiere, med unntak av nokre eldre jordmødre.

For dei fleste spesialutdanningane er det krav om to års klinisk erfaring som sjukepleiar før ein kan byrje på vidareutdanning. Utdanninga skjer på høgskulene. Utdanningene tek frå 1,5 år til 2 år.

Bakgrunnsstoff


helsepersonell | sjukepleie

Sykepleier | Sjuksköterska

Nurse | Krankenschwester | enfermería | infirmier | Altra | Jururawat | 看護師 | 간호사 | Verpleegkundige | Piel%C4%99gniarka | Nesi | 護士

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Sjukepleiar".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld