Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av guru Nának sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Panjab i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islam og hinduisme, men sikhane sjølv ser på det som ein heilt ny religion. Etter guru Nának vidarutvikla dei ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er panjabi og tyder ‘elev’.
Sikh wearing turban.jpg. (Foto: Harkanwal Singh)]] Alle religiøst innvigde mannlege sikhar, og ein del kvinnelege sikhar òg, ber i utgangspunktet fem kjennemerke, kjend som dei fem K-ane. Dette er kaṛa, eit armband, kirpán, ein sabel (evt. ein liten dolk-liknande mini-sabel), kesj, langt hår, kangha, ein stålkam, og katjha, underbukser. Det var den siste levande guruen, guru Gobind Singh, som gav bod om dette, og i dag skil sikhar seg ut mange stader ved dei store turbanane dei bruker til å ha rundt det lange håret.
Sikh-religionen inkluderer tru på karma på liknande vis som i hinduismen, men det blir òg lagt vekt på at det berre finst éin gud. Nokre element av sikh-religionen kan minne om bhakti-miljøa innanfor hinduismen medan andre element minner om muslimsk sufisme.
Religionen vart mykje utsett for åtak frå muslimske herskarar under sine tidlege år, noko som førte til ei sterk samkjensle og til militarisering.
| Statistikk over sikhar i Noreg | ||
|---|---|---|
| År | Offisielt medlemstal og grunnlag for offentleg stønad |
Prosent av totalt medlemstal i registrerte trussamfunn utanom Den norske kyrkja |
| 1971 | (tal manglar) | |
| 1980 | (tal manglar) | |
| 1990 | 1 078 | 0,6 % |
| 2000 | 1 772 | 0,7 % |
| 2001 | 1 974 | 0,7 % |
| 2002 | 2 172 | 0,8 % |
| 2003 | 2 404 | 0,8 % |
| 2004 | 3 110 | 1,0 % |
| (Kjelder: [http://www.ssb.no/ukens_statistikk/utg/9832/1-1t.txt) | ||
Sikhisme | Sikhar | Panjab | Abrahamittiske religionar | Religion og livssyn
Sikhisme | Sikhism | Sikhisme | سيخية | Sikhisme | Siciaeth | Sikhismus | Sikhism | Sikhism | Sikhismo | Sikismo | سیکگرایی | Sikhisme | सिख धर्म | Sikhisme | Síkismi | Sikhismo | סיקיות | Sikhisms | Sikhizmas | Szikhizmus | Sikhisme | シク教 | ਸਿੱਖੀ | Sikhizm | Sikhismo | Сикхизм | Sikhism | Sikizam | Sikhiläisyys | சீக்கியம் | సిక్కుమతము | Sihizm | 锡克教
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Sikhismen".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world