Sekulær er eit ord som hovudsaklege tyder verdsleg, altså noko som ikkje har med religion å gjera. Eit sekulært samfunn er eit samfunn der det er liten eller ingen samanheng mellom lovar og styresmakter på den eine sida, og religiøse påbod og leiarar på den andre sida. Sekularisering er nemninga på prosessen der eit samfunn blir mindre religiøst.
Den moderne tydinga av ordet sekulær kjem frå at det som hadde med århundret å gjera var knytta til eit kort tidsperspektiv samanlikna med det evige guddommelege.