Sanskrit er eit gammalt indoeuropeisk språk som blir brukt innan religiøs hinduistisk samanheng. Det blir i dag mest brukt i bøner, men ein har òg skrive religiøse og filosofiske tekstar og store litterære verk på språket.
Sanskrit har alltid vore eit ynda forskingsspråk for språkvitarar, både indiske og vestlege. Det inneheld mellom anna ei rekke ord som likner på moderne ord i andre indoeuropeiske språk. Sanskrit er òg eit kasusspråk som kan minna om gammalgresk og latin.
| Samanlikning av ord frå ulike språk | ||
| Sanskrit | Latin | Norsk |
| ajras | ager | åker |
| ad- | edō | et (å eta) |
| bhratr | frater | bror |
| duhitr | filia | dotter |
| sono | filius | son |
| dva | duo | to el. tvo |
| dan | den- | tann |
Tidlegare trudde ein at språket var det eldste ein kjende til innan den indoeuropeiske språkfamilien, men ein har sidan funne ut at hittitisk er eldre. Sanskrit er likevel det eldste indoeuropeiske språket me har ein utfyllande litteratur for, og er truleg òg det eldste som fortsatt er i bruk.
Språket er blitt noko påverka av talespråka, men har òg sjølv påverka dei. Ein vil finna lånord frå sanskrit i dei fleste indiske språka, også dei dravidiske, som ikkje er i slekt med det. Også ikkje-indiske språk, som thai og tagalog, inneheld lånord frå sanskrit grunna kontakt med hinduar i tidlegare tider.
I nyare tid er det òg teke inn mange sanskritord i offisiell hindi, for å reinska ut påverking frå urdu, og markera eit skilje til dette elles så like grannespråket.
Kjerneområde for særskilde språk brukte sine eigne skriftspråk, til dømes bengali i aust og kannada i sør. Tamilske brukarar av sanskrit utvikla granthaskrifta frå det tamilske alfabetet.
Sanskrit | Sanskrit | Sanskrit | Sanskrit | لغة سنسكريتية | Sánscritu | Sañskriteg | Санскрит | Sànscrit | Sanskrt | Sansgrit | Sanskrit | Sanskriti keel | Σανσκριτική γλώσσα | Sanskrit | Sánscrito | Sanskrito | سانسکریت | Sanskrit | Sánscrito | 산스크리트어 | संस्कृत भाषा | Sanskrt | Sanskrita linguo | Bahasa Sansekerta | Sanscrito | Lingua sanscrita | סנסקריט | Basa Sansekreta | ಸ೦ಸ್ಕೃತ | Sanskrytek | Lingua Sanscrita | Sanskritas | Sanskriet | Szanszkrit nyelv | Bahasa Sanskrit | Sanskriet | サンスクリット | Sanskrit | Sanskryt | Sânscrito | Limba sanscrită | Санскрит | संस्कृत | Sanskrit | Sanskrt | Санскрит | Sanskrt | Sanskrit | சமஸ்கிருதம் | ภาษาสันสกฤต | Tiếng Phạn | Sanskritçe | Санскрит | 梵语
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Sanskrit".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world