Samanliknande eller komparativ politikk er ei faggrein innan statsvitskapen, som er sermerkt ved sin bruk av komparativ metode. Forskarane Seymour Martin Lipset og Stein Rokkan er med sine vitskaplege arbeid rekna som nokre av grunnleggjarane av denne faggreina. Oftast er faggreina underlagd meir ålmenn statsvitskap, men på Rokkans eige universitet, Universitetet i Bergen, har dei eit Institutt for samanliknande politikk, der dette vert undervist i som eit eige fag.
Aristoteles stod attom det som somtid vert kalla den eldste studien i samanliknande politikk, Politikken (Πολιτικα). Han samla inn informasjon om statsskipnaden i over 150 greske bystatar i samtida, og kategoriserte funna etter variablane kor mange som styrde, éin, få eller mange og om styresettet var godt eller dårleg, det vil seia om styret var meint å tena til alle sitt beste eller ei. Denne kategoriseringa gjev eit oversyn over seks slag bystatar:
| Talet på styrande | Tener alle sitt beste | Tener ikkje alle sitt beste |
| Éin | Monarki | Tyranni |
| Få | Aristokrati | Oligarki |
| Mange | Politeia | Demokrati |
Sammenlignende politikk | Vergleichende Politikwissenschaft | Comparative government
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Samanliknande politikk".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world