Raud er den fargen som blodet har. Raudfargen blir rekna som ein av dei
varme fargane i
estetikken.
Fysikk
Raudt
lys har den lågaste
frekvensen som menneske
auget kan sjå.
Bølgjelengda er rundt 630-760
nm. Ein lågare frekvens gjev
infraraudt lys, som ikkje er synleg for oss. Raudfargen er på grunn av dette den ytste fargen i
regnbogen.
Mange fiskar og skaldyr ser raude ut når dei kjem opp frå havet. Men sjøvatn absorberer ofte raudfargen, slik at dei eigentleg er svarte og dermed kamuflerte nede på djupet.
Oksidert jern gjev òg ein raud farge, som me mellom anna kan sjå i jernrik jord og i blod som inneheld hemoglobin.
Funksjon
Som varselsfarge kan han tyda stopp, som i
trafikklys og som raudt kort på
fotballbanen, eller bare vera åtvarande, som på
brannbilar eller raud
fluesopp.
Symbolikk
Lukke
RoosterHarbingerOfDawn.png varslar om det nye kinesiske haneåret.]]
Det knytter seg sterk symbolikk til fargen, både gammal og ny. I
India og
Kina blir han sett på som svært
lykkebringande. Det er vanleg for ei
brur i begge landa å bera raudt når ho
giftar seg, og feiringa av
det kinesiske nyttåret inneber så mykje bruk av raudt ein kan.
Blod
Raudt er fargen til
blod, og han blir derfor rekna som
livsens farge, men òg til ulukker, som i symbola til
Raudekrossen. Sambandet mellom krigs
guden Mars og den raude
planeten Mars har gjort raud til ein farge for
krig og
vald.
Romarane brukte eit raudt flagg som krigsflagg.
Kyrkje
I
kristen tradisjon har fargen vore eit symbol på
kjærleik,
lidenskap og
seksualitet, slik at mellom anna
Maria Magdalena framstilla som ei
synderinne ofte ber raudt. Men som
liturgisk farge er raudt symbol for
kyrkja og
den heilage anden, og blir brukt ved særskilde høgtider og feiringar av
martyrar.
Revolusjon
I moderne tid er raudt blitt fargen til
venstresida, og er blitt brukt av fleire grupper, frå
arbeidarrørsla til
revolusjonære
geriljagrupper.
Den raude stjerna og
det raude flagget er døme på dette.
Farger
Rød | Röd | Rød | Rooi (kleur) | Royo | Crvena | Roig | Červená | Rot | Κόκκινο | Red | Rojo | Ruĝa | Rouge | Vermello | Merah | Rosso | אדום | Raudona | Aħmar | Chīltic | Rood | 赤 | Rouoge | قىزىل | Barwa czerwona | Vermelho | Roşu | Красный цвет | Russu | Red | Červená | Rdeča | Црвена боја | Beureum | Punainen | சிவப்பு | สีแดง | Đỏ | Kırmızı | 红色