Røyskatt (Mustela erminea) er et lite rovdyr i mårdyrfamilien. Han held til på den nordlege halvkula i tempererte, subarktiske og arktiske område. Røyskatten er vanleg i hele Noreg, men bestanden blir påverka av tilgangen på smågnagarar, og er på topp i muse- og lemenår.
Røyskatten er spesialist på å fanga smågnagarar, men han tek også andre smådyr, fugler og egg. I overskotssituasjonar hamstrar han, og det er kjent at røyskatt kan stela mat eller andre ting frå kjellarar og liknande, og lagra det.
Sommarpelsen er lysebrun med kremgul underside og vinterpelsen, som også blir kalla hermelin, er kvit. Halen er svart heile året. Røyskatten kan forvekslast med den nærskylde snømusa (lat. Mustela nivalis), men snømusa er mindre og har ein kortare hale som er kvit om vinteren.
Røyskatten kan bli 8–10 år gammal.
Tilfeldig kan røyskatten ha leie i steingjerde, røyser, urer, seterhus og båtnaust. Om vinteren lagar han eit bol som han kan halde til i. Slike bol finst også på open mark, særleg på stadar der snøen fyk saman i fonner, og i forlatne hus. Vinterbolet blir bygd på same måten som ynglehiet, gjerne av tørre strå og fóra med hår og skinnfiller av smågnagarar.
Leonardo da Vinci 047.jpg måla av Leonardo da Vinci.]]
Sommardrakta til å visa seg i mars. Den raudbrune fargen kjem først til syne oppå hovudet og ryggen. Drakta er ferdig i mai, og er matt raudbrun ovantil og på utsida av beina. Undersida er gulbrun eller gulkvit, men kan òg vera heilt kvit. Overgangen mellom oversida og undersida er skarpt teikna. Øyra har kvit kant, og haletippen er svart.
I november byrjar vinterpelsen å gro fram. Dyret blir først kvitt på sidene, og i desember er vinterpelsen fullt utvikla. Vinterpelsen er oftast heilt kvit. Haletippen er svart.
Røyskatten er òg utbreidd over store delar av Europa, men han finst ikkje i delar av Sør-Europa (Sør-Frankrike, Italia, Hellas, Sør-Jugoslavia og Sør-Romania), på øyane i Middelhavet eller på Island.
pattedyr i Noreg | mårdyrfamilien
Hermelin | Stoat | Mustela erminea | Ermeno | Hermine | Ermino | Mustela erminea | Šermuonėlis | Hermelijn | オコジョ | Gronostaj | Arminho | Горностай | Kärppä | Kakum
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Røyskatt".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world