Pronomen (av pro, «for» og nomen, «substantiv») er eit ord som kan setjast i staden for eit substantiv, og danne substantivfrase aleine.
I forsøk på å fornorske den latinskspråklege grammatiske tradisjonen har pronomen vorte kalla varaord (t.d. Lars Eskeland Norsk formlæra frå 1897, men dette slo ikkje gjennom. På dansk blir pronomen kalla stedord, mens eit anna forsøk, det finske avløysarframlegget asemosana "plasshaldar-ord", ikkje slo gjennom.
I norsk og i dei fleste andre språk kan pronomena delast opp i følgjande grupper (sjølv om dei morfologiske eigenskapane deira kan variere meir frå språk til språk):
Dei fleste personlege pronomena i norsk blir bøygd i kasus og numerus.
| Eintal | Nominativ | Akkusativ | Genitiv |
|---|---|---|---|
| 1. person | eg | meg | min/mi/mitt/mine |
| 2. person | du (De) | deg (Dykk) | din/di/ditt/dine (Dykkar) |
| 3. person | han, ho, den, det | han/honom, ho, henne, den, det | hans, hennar, dens, dets |
| Fleirtal | Nominativ | Akkusativ | |
| 1. person | vi | oss | vår/vårt/våre |
| 2. person | de | dykk | dykkar |
| 3. person | dei | dei | deira |
Personlege pronomen i tredje person blir bøygd i genus, han, ho, det.
Spørjepronomen er kven, kva. Dei dannar spørjesetjingar og blir sett først i setninga.
Refleksive pronomen (på norsk: det ubøyelege seg) er pronomen som må referere til noko i språket, heller enn til noko i diskursen rundt.
Resiprokt pronomen er pronomen som kvarandre, (som er ubøyeleg i norsk). Det referer til noko i språket, som seg, men skil seg frå seg ved at det må vere gjensidig referanse: Per og Kari kjenner kvarandre kan ikkje tyde at Per og Kari kjenner Per og Kari, men at Per kjenner Kari og at Kari kjenner Per. Kvarandre er ubøyeleg.
Determinativar er ord som ikkje står i staden for substantiv, men heller modifiserer dei, slik som desse, t.d. i desse fine båtane. Tidlegare vart dei kalla "demonstrative pronomen". I nyare grammatikkar (t.d. Norsk referansegrammatikk) er dei ei separat ordklasse, nett fordi dei skil seg frå pronomen på ein slik avgjerande måte. Nokre lingvistar argumenterer for at den gamle inndelinga er betre, i og med at den nye inndelinga tvingar oss til å operere med dobbel klassifisering av ein del ord, som t.d det, dei (som i det (toget) / dei (gutane) kjem hitover. Mange dialektar har likevel eit tydeleg skilje mellom dei to kategoriane: dæm / di gutan kjæm hitover.
Местоимение | Pronomen | Pronoun | Pronombre | Pronomo | ضمیر | Persónur (máll.) | Voornaamwoord | 代名詞 | Pronomen | Vietniekvārds | Zaimek | Pronome | Местоимение | Pronomini | Займенник | Prono | Pronom | 代詞
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Pronomen".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world