Pesaḥ (hebraisk פֶּסַח *), òg skrive Pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar.
Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), marór (bitre urter), lammebein, eit grilla egg og sausen ḥaróset — ein saus som skal minne om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettene og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ (påskeforteljinga) om utgangen av Egypt.
Cph hagada17b massa.jpg (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.]]
Kaufmann Haggadah p 014.jpg, eit sefardisk manuskript frå sist på 1300-talet.]]
Mange trekk i pesaḥfeiringa tyder på at denne høgtida har delar av opphavet sitt i ein innhaustingsfest. Blant desse trekka kan nemnast etinga av det usyra brødet, ei markering av den nye kornavlinga. Frå andre dagen av pesaḥ og i dei 49 dagane fram til sjabu‘ót (vekefesten eller pinsa) tel ein ‘ómer, dvs. ‘kornband’, til minne om korleis den nye byggavlinga vart brakt åt Tempelet i Jerusalem for ofring.
Av noko nyare dato er historia om utgangen av Egypt: Ein feirar korleis Gud med hjelp av Moses og Aron førte israelittane ut av Egypt med mange teikn og under; korleis den siste av dei ti landeplagene ikkje ramma israelittane fordi dei ofra eit lam og smurde eit merke av blodet på dørkarmane; korleis oppbrotet skjedde så snøgt at deigane ikkje vann å heva seg, slik at ein laut eta det usyra brødet; og korleis israelittane fekk Toráen på Sinaifjellet.
| Hordeum-barley.jpg (Hordeum distichum). Legg merke til dei tydelege radene i aksa.]] |
| Avena fatua1.jpg (Avena fatua el. Avena sativa). Legg merke til den karakteristiske spreiinga av korna.]] |
Gjæra kornmat av dei fem kornslaga som er definerte i Misjná blir kalla ḥaméṣ og er forboden å eta eller eige under alle dagane av pesaḥ. Dette inkluderer all mat som inneheld noko som helst mengd av dei fem slaga, anna enn om han er spesielt tillaga på eit vis som gjer at ein kan rekne det for visst at maten ikkje er gjæra. (Meir om dette finst under avsnittet Maṣṣá nedanfor.)
Dei fem kornslaga svarar til brødkveite/emmer, durumkveite/spelt og einkorn i sine variantar og til bygg (toradsbygg og vanleg bygg). Det er noko tvil om nøyaktig fastsetjing av kveite- og speltslaga, men det er rimeleg klart at alle sortar kveite og spelt høyrer til dei fem slaga. Truleg ikkje tilhøyrande dei fem slaga i snever meining er rug, men ein reknar likevel rug med blant dei fem slaga på grunn av den nære slektskapen med kveite.
Den noko fjernare slektningen havre blir av den askenasiske Rashi rekna opp som eit av dei fem slaga, men den sefardiske Maimonides viser til at det kornslaget Rashi skriv om her svarar til villbygg, eller toradsbygg. Dette er òg meir i samsvar med definisjonen i Talmúd jerusjalmí, der det går klårt fram at det karakteristiske ved dette kornslaget er radstrukturen. I tillegg stemmer det godt med nyare forsking, som har funne at havre ikkje inneheld same slag gluten som dei andre kornslaga. *
Mjølet må vera hovudsakleg frå dei fem kornslaga. Alt mjølet som blir bruka må vera tørrmole, heilt tørt og heilt fritt for fuktskade. Ein blandar berre inn reint vatn som har stått tildekt natta over, og frå ein blandar i vatn via utkjevlinga til tynne flatbrødleivar og til maṣṣáen blir steikt på bakstehella eller i bakaromnen må det ikkje taka meir enn 18 minutt.
Maṣṣá og maṣṣámjøl (finknust maṣṣá) er dei einaste matvarene av dei fem slaga det er lov både eta og eige under pesaḥ — med unntak av heile, gjennomrista gryn.
Sjølv om det ikkje er noko påbod om å eta maṣṣá under resten av pesaḥ, et ein vanlegvis maṣṣá da òg, ettersom dette er den einaste tillatne brødmaten av dei fem slaga.
Ein kan sjølvsagt òg eige umole heilkorn for såkorn og for seinare maling, men dette lyt bli lagra heilt tørt og kan ikkje bli bruka til mat under pesaḥ anna enn som nemnt ovanfor.
Blant mange sefardiske og mizraḥiske jødar er derimot ris tillaten å eta, og pesaḥ er ei tid med mykje vekt på rismat av ulike slag. Blant dei som et ris under pesaḥ er det oftast skikk at ein går nøye gjennom risen og sorterer ut alle eventuelle korn av dei fem slaga.
Pesach | Pesach | Pessach | Passover | Pesaĥo | Pésaj | Pessa'h | פסח | Pészah | 過越 | Pascha | Pesach | Pascha (święto żydowskie) | Pessach