Pattedyr (Mammalia) er ein dyreklasse innan zoologien som høyrer til virveldyra. Det finst over 5 000 nolevande artar av pattedyr, mellom anna mennesket, og ein finn representantar for klassa i nær sagt alle økosystem på jorda. På grunn av storleiken til dei fleste pattedyra utgjer dei ein vesentleg del av biomassen i dei fleste lokale faunaer.
Frå ei anna tidleg gruppe av karnivore synapsider kom dei første forløparane til pattedyra, therapsidane. Desse var den einaste gruppa av synapsider som overlevde Paleozoikum og utvikla seg vidare. Dei fleste var små, men nokre var opp til fire meter. Therapsidane er dei første med ein effektiv gange på meir rette ekstremitetar festa under dyret. Sidan stabiliteten vart redusert når dyret heva seg over bakken, utvikla cerebellum (muskelkoordineringssenteret) i hjernen seg mykje. Kranieform og muskelsystemet i kjeven forandra seg mot auka effektivitet i næringsopptaket.
Therapsidane utvikla seg i talrike herbivore og karnivore former, men dei tidlegaste formene døydde ut i den store utdøyingsperioden i enden av Perm. Tidligare vart pelycosauriar og therapsidar omtala som «pattedyrliknande krypdyr», men dette gjerast ikkje lenger sidan dei ikkje er ein del av den eigentlege krypdyrlinja.
Dei første pattedyra som utvikla seg i sein Trias var små spissmus-liknande dyr med stort kranium, kjeve med ny form og ein ny type difydont tannsett der tennene berre vart skifta ut ein gong. Til samanlikning hadde dei tidlegare og meir primitive amniotane eit polyfyodont tannsett med kontinuerleg utskifting av tennene gjennom heile livssyklusen. Den forandra kjeveutforminga resulterte i at enkelt knoklar frå kjeveopphenget vart vidare redusert og hamna til slutt i mellomøret som øreknoklar. Ein rekner med at dei første pattedyra var endoterme, men med lågare kroppstemperatur enn dei moderne placentale pattedyra.
Hår eller pels hadde ein viktig funksjon som isolasjon. Dette tyder på at talg- og svettekjertlar må ha utvikla seg samstundes for å smøre håra og gi auka varmetap når det var naudsynt.
Ein trur dei tidlegaste pattedyra klekka ut ungane frå egg i lite utvikla form slik at dei var avhengige av morsmjølk, varme og skydd. Denne forma for reproduksjon ser vi i dag berre hos monotrematane nebbdyr og maurpiggsvin.
Det var ikkje før i Kritt, og særleg i den seinare Eocen-epoken som byrja for 54 millioner år sidan, at den raske utbreidinga av dei «moderne» gruppene starta. Denne utviklinga i Cenozoikum forklarast delvis med den store mengda tomme habitat som sto att etter dei utdøydde amniote gruppene mot slutten av Kritt.
Vilkåra for at desse gruppene av dyr greide å utvikle seg i stor stil var at dei hadde stor rørsleevne, var endoterme, hadde utvikla ein form for «intelligens», var tilpasningsdyktige, fødte levande ungar som dei tok seg av (yngelpleie) og som ernærte seg av mjølk som hodyra sjølv produserte.
Det var ikkje lenger nok å legge egg i reir og la ungane skaffe seg føde frå det ytre miljøet som einaste reproduktive taktikk.
Ei moderne klassifisering av pattedyr i underklasser med tilhøyrande ordenar ser difor slik ut:
Pattedyr | Däggdjur | Pattedyr | Soogdier | ثدييات | Mamíferu | Бозайници | Chhī-leng tōng-bu̍t | Bronneg | Mamífer | Mammiferu | Savci | Mamal | Säugetiere | Imetajad | Θηλαστικά | Mammal | Mamífero | Mamuloj | Mammalia | Mammifère | Sûchdieren | Mamífero | 포유류 | Mamifero | Binatang menyusui | Mammalia | Spendýr | Mammalia | יונקים | Bronnvil | Mammalia | Žinduoliai | Mamendéieren | Zoegdiere | Nyama ya mabɛ́lɛ | mabru | Mamalia | Zoogdieren | Söögdeert | 哺乳類 | Cateogoria:Mammalia | Ssaki | Mammalia | Млекопитающие | Mammìfiri | Mammal | Cicavec | Sesalci | Сисари | Mamalia | Nisäkkäät | Mamalya | สัตว์เลี้ยงลูกด้วยนม | Memeliler | Ссавці | Biesse ås tetes | 哺乳动物
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Pattedyr".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world