Denne artikkelen handlar først og fremst om den kristne høgtida påske. For informasjon om den jødiske påska, sjå pesah.
Påska (gjennom gresk Πάσχα og arameisk פַּסְחָא frå hebr. פֶּסַח [pesaḥ, ‘passering’) er den viktigaste av dei kristne høgtidene, og blir markert til minne om Jesu Kristi død og oppstode. I forkant av påska kjem fastetida og den stille veka, og etter påskesundag kjem påsketida, som varar fram til pinse. I tillegg til den kristne tydinga har høgtida òg innslag frå jødisk pesah, som lammemiddag; frå heidensk tru, som påskeegg; og frå hovudsakleg verdsleg kultur, som påskekrim og påsketur i fjellet.
Gulfargen er knytta til påska, kanskje sidan det er fargen til sola, kyllingar og eggeplomma. Dei gule påskeliljene blomstrar vanlegvis ved påsketider, og er blitt eit anna symbol på påska.
Narcissus pseudonarcissus flower 300303.jpg.]] = Ordet «påske» = Ordet «påske» er ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesah. Utanom Skandinavia blir namn avleidde av det hebraiske namnet bruka på nederlandsk og på dei fleste romanske språka. På tysk og engelsk brukar ein oftast det førkristne namnet «Ostern» (ty.) eller «Easter» (en.).
=Kristen påskefeiring= Cristo Velázquez lou.jpg (1599-1660).]]
Opptakta til feiringa av påske byrjer med palmesundag, og held fram med den stille veka der ein markerar skjærtorsdag og langfredag. Desse dagane er til minne om Kristi liding og markeringa ber i dei fleste kyrkjer framleis preg av den enkle liturgien frå fastetida. I Den katolske kyrkja blir statuar og bilete dekte til, og det blir ikkje ringt med kyrkjeklokkene. Det er óg særs lite dekorasjonar i kyrkjene mellom skjærtorsdag og påskeaftan.
Påskeaftan er laurdagen før påskedag. Tradisjonelt er det ein dag der ein ikkje har liturgiske handlingar; i både katolsk og ortodoks tradisjon er denne dagen føreskriven som ein dag utan liturgi. Ein seier gjerne at påskeaftan er den dagen då kyrkja står samla i sorg ved Kristus si grav.
Påskevigilien er starten på sjølve påskefeiringa. Han blir normalt feira kring midnatt på påskeaftan, eller tidlegast etter solefall. Ein bruker i den kyrkjelege tradisjonen ofte den gamle definisjonen på eit døger som ein finn i jødisk liturgi, nemleg frå solefall til solefall. Det vil seie at det uansett er på sundagen ein byrjer feiringa, uavhengig av det verdslege døgeret sin gang.
I vestleg tradisjon er det tradisjon for at liturgien byrjar med tenning av påskelyset, som er eit symbol på Kristus; han kalla seg «Verda sitt lys». Liturgien står i kontrast til den som har vore dei foregåande dagane; kyrkjene er no pynta, prestane har gjerne på seg dei flottaste messekleda og korsongen er lovsong i staden for dei meir neddempa salmane som blir bruka i fasten og den stille veka. Det er óg tradisjon for å lese Påskelovsongen, ein høgtideleg proklamasjon av påskeunderet.
I den protestantiske liturgien feirer ein mange stader ikkje påskevigilie, men i dei seinare åra er det óg i desse kyrkjelydane vorte stadig meir vanleg med vigiliefeiring.
Påsketida varar fram til pinse.
=Verdsleg påskefeiring=
I Tyskland blei egga forbunde med påskeharen; det vart sagt at han ein gong om året kunne leggja egg, og det var i påska.
I jødedommen er pesah frå Toráen av forbunde med ofringa av påskelammet på Tempelhøgda. Denne ofringa skjer ikkje i våre dagar sidan Tempelet i Jerusalem ikkje står og er i det meste av jødedommen erstatta med lesinga av påskeforteljinga under påskemåltidet. Samaritanarane feirar framleis pesah med ofring av påskelam på Gerizím-fjellet.
Dei moglege røtene i åsatrua heng saman med at sola på denne tida av våren varmar meir enn om vinteren. Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert om det var nokon slik skikk, så er ein fjelltur for å sjå sola stå opp ein rimeleg konsekvens av dette. Ein skikk som er meir direkte knytt til soldyrking og ein tidlegare offerkult, er den gamle norske skikken å smøre smør på ein stein og sjå at sola «et» smøret.
Setmana Santa | Påske | Ostern | Easter | Pasko | Pascua | Pâques | פסחא | Velykos | Paasfeest | Påske | Paskah | 復活祭 | Wielkanoc | Paşti | Пасха | Påsk