Earthlights dmsp.jpg)]] Koeln-Muehlheimer-Bruecke.jpg. ]]
Natt er den delen av døgnet då det er mørkt. Astronomisk kan det definerast som den tida sola er under horisonten på ein viss stad. Netter vil likevel som regel vera kortare enn dagar fordi sollyset blir brote i atmosfæren og når jorda også når sola er like nedanfor horisonten.
Lahti lake-night.jpg i juli.]]
Lengden på natta varierer etter kva årstid og kva breiddegrad ein er på. Jo nærare ein stad er til ein av polane, jo større er lengdevariasjonen. På Nord- og Sørpolen opplever ein polarnetter, netter som varer nær eitt halvår.
Mørke netter let ein kan sjå månelys, stjernehimmelen og polarlys, og er derfor ei viktig tid for astronomar.
Det finst derimot mange nattdyr som er aktive om natta. Dei har tilpassa seg denne særskilde tida ved å utvikla store, lysfangande auge eller andre sansar, som hørsel eller luktesans.
=Natt i kulturen= Nott painting.jpg.]]
Den mørke natta er blitt sett på som farleg i stort sett alle kulturar. Ho var fyld av vonde makter, som skrømt og demonar. Med rikeleg tilgang på kunstig lys er folk blitt mindre redde, men mange frykter likevel framleis natta og det ho står for, anten det er overnaturlege farer, som vampyrar, eller andre menneske som kan vera ugjerningsmenn.
Natta hadde òg si eiga gudinne i vedisk hinduisme, i form av Ratri, som tyder natt på sanskrit.
Natt | Natt | Nat (tidsrum) | ليل | Nit | Nacht | Night | Noche | Nokto | Nuit | Nokto | Malam | Notte (astronomia) | לילה | Nacht | 夜 | Noc | Noite | Ночь | Night | Yö | இரவு | 晚上