Natrium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Na og atomnummer 11. Metallet er, som dei andre alkalimetalla, sølvfarga, mjukt og reaktivt. Det reagerer nærmast eksplosivt med vatn. Natrium tilhøyrer s-blokka i periodesystemet.
Natrium er det alkalimetallet som er viktigast industrielt. Det vert framstilt ved elektrolyse av flytande natriumklorid i ein prosess kjend som Downsprosessen.
Natriummetall er nødvendig i syntese av mange natriumsambindingar. Natrium blir òg brukt som tørkemiddel for organiske løysemiddel av di natrium reagerer irreversibelt med eventuelt vatn i løysemidlet under danning av natriumhydroksid, som kan filtrerast bort.
Natrium vert brukt i produksjon av tetraetylbly. Dette stoffet vart tidlegare tilsett i bensin for å auka oktantalet, men er no forbode i dei fleste industriland for å redusera bly-forureining.
Metallet vert og brukt i utvinning av andre metall. Den enklaste måten å ekstrahera ein del sjeldne metall som thorium, zirkonium, tantalum og titan er å la sambindingar av desse reagere med natriummetall. Ein vil til dømes ved å la titanklorid og natrium reagera få titanmetall og natriumklorid. Det siste kan lett vaskast vekk frå metallet.
Grunnstoff | Alkalimetall | Metall
Natrium | Natrium | Natrium | Natrium | صوديوم | Натрий | Sodi | Sodík | Sodiwm | Natrium | Naatrium | Sodium | Sodio | Natrio | Sodium | 나트륨 | Natrij | Natro | Natrium | Natrín | Sodio | נתרן | Sodyûm | Natrium | Nātrijs | Natris | Sodu | Nátrium | Konutai | Natrium | ナトリウム | ناترىي | Sód | Sódio | Sodiu | Натрий | Sodium | Sodík | Natrij | Натријум | Natrij | Natrium | โซเดียม | Natri | Sodyum | Натрій | Sodiom | 钠