Mennesket (Homo sapiens) er, i følge mange definisjonar, den organismen som har lukkast best på jorda. Menneskja finst på alle kontinenta og har tilpassa seg alle slags omgjevnader. Det finst i dag rundt seks milliardar menneske i verda, fleire enn noko anna pattedyr.
Menneskja høyrer til menneskeapane. Dei fleste menneske ser likevel på seg sjølv som noko litt meir enn eit oppreist pattedyr. Kva som skil menneska frå dyra har oppteke forskarar og filosofar i tusenvis av år. Ulike eigenskaper er blitt lagde fram, som at me bruker reiskapar, har medkjensle og høg intelligens, tek oss av sjuke og funksjonshemma, bruker språk og klede, har utvikla jordbruk, vitskap og religion, er glade i kunst og underhalding, for å nemna nokre. Fleire av desse eigenskapane finn ein att hjå dyr, men om ein tek alle saman, kan dei visa kva som gjer menneske spesielle. Også det at me stiller spørsmålet om kva som skil menneske og dyr, tyder på at det finst eit skilje.
Studiet av mennesket skjer både i naturvitskapane (humanbiologi) og i samfunnsvitskapane (antropologi, medisin og psykologi).
Gloeden1895.jpg.]] Frau-2.jpg.]]
Menneska går oppreist på to bakbein og nytter heile hælen. Høgda varierer, men ligg vanlegvis mellom 145–180 cm for kvinner og 160–190 cm for menn. Vekt kan variera endå meir mellom individ, ettersom menneske lett utvikler feittlager av ekstra føde.
Samanlikna med andre primatar har menneska større hjerne. Han er typisk 1 400 cm³, dobbelt så stor som hjå gorillaer og sjimpansar.Menneska skil seg òg frå slektningane sine ved å ha kortar armar og ved å ha utvikla ein motståande og roterande tommel som opnar for finmotorikk. Tærne er derimot lite førlege, og blir mest brukte til å halda balansen.
Menneske har lite hår samanlikna med dei andre primatane. Tett hårvekst finn ein bare visse stader på kroppen, som oppå hovudet, under armane og i skrittet, men det finst likevel spreidde hårsekkar over heile kroppen.
Medan den vanlegaste hårfargen blant menneske er svart finst det òg mange andre fargar som går frå nesten kvitt til brunt eller raudt. Den hovudsakleg nakne huda kan gå frå å vera nesten fargelaus, noko som gjev ein rosa let ettersom blod viser gjennom, til mørkt brun. Pigmenta som fargar huda blir kalla melanin, og vernar mot UV-stråling. Hud som blir utsett for mykje sollys utviklar meir melanin, og blir brunare.
Ungar blir normalt fødde etter svangerskap på 38 veker. Dei er hjelpelause ved fødselen, og treng omsorg og opplæring i fleire år. I alderdommen, som også kan vera lang, treng menneske ofte liknande hjelp og omsorg.
Kjønnsmogninga skjer normalt ved tolv til femten års alder, men særleg gutar kan fortsetja å veksa fram til tjueårsalderen. Menn er teoretisk fruktbare heile livet, medan kvinner går gjennom ein overgangsalder som gjer at dei ikkje kan unnfanga lenger når dei er omlag femti.
Kor lenge folk lever kjem an på ytre tilhøve. I område der menneske har god tilgang på mat og helsestell er forventa levealder rundt 80, noko lågare for menn og noko høgare for kvinner. I land og tidsrom prega av svolt og sjukdom er levealderen lågare, typisk litt over 30 år. Under gode tilhøve kan menneske bli opptil hundreogtjue år gamle, med 122 år og 164 dagar som den høgaste målte levealderen til no.
Menneske lever som regel i små grupper, ofte ei form for familie, som igjen kan vera del av eit større samfunn. Gruppene sosialiserer dei yngre menneska og samarbeider om å klara seg. Det er vanleg å spesialisera seg til ulike oppgåver eller yrke innanfor gruppa eller samfunnet.
Young monks of Drepung.jpganske gutar følger sin buddhistiske kultur.]]
I følge genetisk og antropologisk forsking utvikla menneska seg i Afrika for mellom 100 og 200 000 år sidan. Frå Afrika spreidde dei seg vidare utover i Eurasia og deretter Oseania og Amerika.
Menneske | Människa | Menneske | Man | إنسان | Homo sapiens sapiens | মানুষ | Lâng | Čovjek | Den | Човек | Homo sapiens sapiens | Тăнлă çын | Člověk | Mensch | Omo dapeonz | Άνθρωπος | Human | Humano | Homo | Homo sapiens | Homo sapiens | Minske | Duine | Ser Humano | 사람 | Čovjek | Homo | Manusia | Esser human | ᐃᓄᒃ | Адæймаг | Maður | Homo sapiens sapiens | אדם | Tus | Mirov | Homo | Žmogus | Mins | Moto | Ember | Човек | Manusia | Tlācatl | Mens | 人間 | ئىنساننىڭ | Minsch | Człowiek rozumny | Homo sapiens | Om | Человек разумный | Umanu | Human | Homo | Človek | Човек | Čovjek | Ihminen | Tao | มนุษย์ | Loài người | İnsan | Людина | 人
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Menneske".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world