Revista cabovisão magazine.jpg.]] AT&T NOC.jpg.]]
Massemedia eller berre media er alle typar kommunikasjon som vert brukte for å nå ein stor mengde menneske, typisk innbyggjarane i eit land. Omgrepet vart til på engelsk på 1920-talet, og viser derfor til mange nye eller vidareutvikla former for media som samfunnet fekk på denne tida. Aviser, blad, radio, fjernsyn og kinofilm er døme på desse, medan andre former som Internett er komne til i nyare tid.
På same tid som media og medieomgrepet utvikla seg, såg ein det store potensialet massemedia hadde til å påverka massane. Det kunne brukast til propaganda og reklame, men òg til å kritisera det som var feil i samfunnet. Med eit større nedslagsfelt fekk media større gjennomslagskraft.
Mediene er blitt kalt den fjerde statsmakta ettersom dei har mulegheiten til å påverka opinionen ut frå kva dei skriv om. Ved å vera kritiske skal dei kunne fella regjeringer og ved å lovprisa skal dei kunne støtta dei. Ei fri og kritisk presse vert derfor rekna som svært viktig i eit verkeleg demokrati. Den uavhengige pressa kan verta truga av sensur både frå myndigheitane si side og frå sterke eigarinteressar eller annonsørar.
গণমাধ্যম | Mediji | Mediaoù | Massenmedien | Mass media | Medio de comunicación | Médias de masse | Mass media | תקשורת המונים | Žiniasklaida | Медиуми | Massamedia | マスメディア | medier | Środki masowego przekazu | Mass media | Средства массовой информации | Medium | Медији | Media | Засоби масової інформації | 传播媒体