Marsgeografien har to rekordar i solsystemet. Den utdøydde vulkanen Olympus Mons er med sine 27 km det høgaste fjellet på alle planetane, medan kløfta eller riftdalen Valles Marineris er den største dalen. Valles Marineris er 4000 km lang og opp mot sju km djup, og kan samanliknast med riftdalen i Afrika.
Den latinske forstavinga areo- viser til Mars. Planetsymbolet frå gammal tid er det samme som jern, (Unicode: ♂), ei stilisert utgåve av guden Mars med skjold og spjut.
Mars har alltid fascinert menneska. Den raude, eldfulle utsjånaden på himmelen er mystisk og fengslande. Overflatearealet på Mars er bare ein firedel av det til jorda, men viss ein ser bare på landarealet (over vatn) på jorda er det omtrent like mye som arealet på Mars. Massen til Mars er kun 1/10 av den til jorda.
Blant funna til romsonden Opportunity er mineralet hematitt på Mars, i form av små kuler på Meridiani Planum. Kulene er bare noen millimeter i diameter, og ein meiner at dei har blitt danna som avsettingar under fuktige forhald for milliardar av år sidan. Andre mineral har au blitt funni innehaldande svovel, jarn eller brom, som til dømes jarositt. Dette og andre prov gjorde at ei gruppe med 50 forskarar i tidsskriftet Science (utgåva 9. desember 2004) konkluderte med at «flytande vatn ein gong kom og gikk på overflata til Mars ved Meridiani, og til tider metta grunnen under. Fordi flytande vatn er eit krav for liv, kan vi seie at forhalda på Meridiani kan ha vori levelege over ei tidsperiode i historia til Mars». På den motsette sida av planeten har mineralet goethitt, som (ulikt hematitt) bare dannast saman med vassforekomstar, blitt funni. Dette saman med andre prov på vatn her. Finnaren er romsonden Spirit og staden er «Columbiaåsane».
I 1996 mente forskarar som studerte en meteoritt (ALH84001) med marsiansk opprinnelse at dei hadde funni bevis for at formasjonar i steinen var mikrofossilar. Seinare kom ei anna forskargruppe opp med ein teori som kunne forklare formasjonane utan å krevja at det var liv til stades. Så dette spørsmålet står framleis usvart. Vikingsondane som landa på Mars på 70-talet gjorde eksperiment for å finne liv utan å få noe resultat.
Mars har iskalottar på polane som inneheld vassis og tørris (CO2 i fast form). Ein utdøydd skjoldvulkan, Olympus Mons (Olympusfjellet), er med 27 km det høgaste fjellet i solsystemet. Han ligg i eit enormt høgfjellsområde kalla Tharsis, som inneheld fleire store vulkanar. Sjå lista over fjell på Mars. Mars har også det største dalsystemet i solsystemet, Valles Marineris (Marinerdalen), som er 4000 km lang og sju km djup. Mars har også mange arr etter meteorittnedslag. Det største er nedslagsbassenget Hellas Planitia, dekt av lett raud sand. Sjå òg Mars' kraterliste.
Den internasjonale astronomiske unionen har ei arbeidsgruppe for namngjeving i solsystemet som mellom anna er ansvarleg for å namngje dei marsianske landformene.
Nullmeridian: Ekvator på Mars er definert frå rotasjonsaksen, men primærmeridianen er definert på samme måte som her på jorda. Det blei valt eit praktisk punkt som blei akseptert av seinare astronomar. Dei tyske astronomane Wilhelm Beer og Johann Heinrich Mädler valde ei lita sirkulær landform som referansepunkt når dei lagde det fyrste systematiske kartet over landformer på Mars i 1830-32. I 1877 blei valet deira annektert som nullmeridian av den italienske astronomen Giovanni Schiaparelli når han starta å laga sine vidkjente kart over Mars. Etter romsonden Mariner 9 gav masse gode bilde av Mars i 1972 blei eit lite krater (seinare namnsett Airy-0) veld. Det ligg i Sinus Meridiani («midtbukta» eller «meridianbukta») langs lina valt av Beer og Mädler. Merton Davies frå selskapet RAND Corporation valde det for å gi ein meir nøyaktig definisjon av lengdegraden 0,0° da han grunnla eit planetografisk kontrollpunktnettverk.
Etter tapet av Mars Observer i 1992 bygde NASA om og sendte opp Mars Global Surveyor. Denne ferda var den fyrste suksessfulle til Den raude planeten på tjue år da han blei sendt opp 7. november 1996. Han gikk inn i bane 12. september 1997 og begynte å justere den svært ellipseforma banen til ein sirkel. Etter halvanna år var dette utført, og i mars 1999 begynte den primære kartleggingsfasen. Han har observert planeten frå låg og nesten polar bane i eit marsår (nesten to jordår). Primæroppdraget blei fullført 31. januar 2001, og nå er ferden i ein utvida fase.
Ferda har studert heile marsoverflata, atmosfæren, det indre og har sendt tilbake fleire resultat om Den raude planeten enn alle dei andre marsferdane til saman. Desse dataa er arkivert på http://pds-geosciences.wustl.edu/missions/mgs/
Blant nøkkelfunna til nå har MGS blant ana tatt bilde av bekkedaler og debrisstraumformer som gir indikasjonar på at det kan vera nåverande kjelder av flytande vatn, tilsvarande ein akvifer, på eller nær overflata til planeten. Tilsvarande kanalar på jorda er forma av flytande vatn, men på Mars gjør kombinasjonen av den låge temperaturen og det låge lufttrykket at flytande vatn ikkje kan opphalde seg på overflata. Men mange forskarar har hypotesar om at flytande grunnvatn til tider kan bryte gjennom overflata på Mars og da grave ut bekkedalar og kanalar for så å samle seg opp i ein dam på botnen som så fryser og sublimerer (fordampar).
Magnetometermålingar visar at magnetfeltet til planeten ikkje er globalt produsert i planetkjernen, men heller er plassert i spesielle område av skorpa. Nye temperaturdata og nærbilde av marsmånen Phobos visar at overflata der er sett saman av pudderaktig materiale minst ein meter tjukt skapt av meteornedslag gjennom millionar av år. Data frå laserhøgdemålaren til romfartøyet har gitt forskarane det fyrste 3D-bildet av den nordlege polisen på Mars.
Mars (planet) | Mars (planet) | Mars (planet) | Mars (Planet) | مريخ | মঙ্গলগ্রহ | Hoé-chheⁿ | Mars | Meurzh (planedenn) | Марс (планета) | Mart (planeta) | Mars (planeta) | Marte | Mawrth (planed) | Mars (Planet) | Marss | Άρης (πλανήτης) | Mars | Marte (planeta) | Marso | Martitz (planeta) | بهرام (سیاره) | Mars (planète) | Mars (pláinéad) | Marte (planeta) | 화성 | मार्स | Mars (planet) | Marso | Mars (planeta) | Mars | Марс (планетæ) | Mars (reikistjarna) | Marte (astronomia) | מאדים | ಮಂಗಳ | მარსი (პლანეტა) | Meurth (planet) | Meriki | Behram (gerstêrk) | Mars (planeta) | Marss (planēta) | Mars (Planéit) | Marsas (planeta) | Mars (planeet) | Mars (bolygó) | Marte (pjaneta) | Marikh | Mars (planeet) | 火星 | مارس (ئاسترونومىيە) | Mars | Mars | Mars | Marte | Marte (planetă) | Марс | Maurs | Marsi | Marti | Mars (planet) | Mars | Mars (planet) | Марс | Mars | Marte | செவ்வாய் (கோள்) | ดาวอังคาร | Sao Hỏa | Mars (gezegen) | Марс (планета) | Måss (planete) | 火星
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Planeten Mars".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world