MarbleUSGOV.jpg Marmor (gresk: marmaros, «skinnande stein») er ein metamorf bergart som hovudsakleg består av mineralet kalsitt (ein krystallinsk form for kalsiumkarbonat CaCO3), som betyr at steinen inneheld mykje kalsium, karbon og oksygen. Steinen er mykje brukt som materiale til skulpturar og bygningar, og har i tillegg ei mengd andre bruksområde. Det finst store førekomstar av marmor i Noreg.
Innanfor kunsthistorie og arkeologi brukar ein marmor som nemning også på andre steinartar nytta i skulptur og arkitektur, som sandstein og granitt.
Rein, kvit marmor vert danna gjennom metamorfose frå svært rein kalkstein. Dei karakteristiske årene på mange farga marmorvariantar kjem vanlegvis av ureinskapar i minerala, frå leire, sand, slam eller jernoksid. Grøn farge kjem ofte av serpentin frå kalkstein med mykje magnesium eller dolomitt med silisiumureinskapar.
Noen historisk viktige typar av marmor har namn etter staden kor steinbrotet ligg:
Den berømte italienske marmoren frå Carrara er heilt kvit og har opphavleg vore kalkspat. Denne har vore brukt til marmorskulpturar sidan oldtida. Marmor har vært favorittmaterialet til greske og romerske bilethoggarar og arkitektar, og er blitt eit kulturelt symbol for tradisjon og raffinert smak. I folketradisjonen vert marmor assosiert med det astrologiske teikn tvillingane. Rein kvit marmor er også symbol på det reine, udøydelege og står for suksess i utdanning.
Den største førekomsten som har vore utnytta ligg i Fauske kommune. I 2005 er løvgavlenbrotet og leivsetbrotet ved Fauske i drift, andre brot finst ved Porsgrunn og ved Naas på Nordmøre. Det meste av marmoren som tas ut i Noreg i dag vert knust til kalk, men noko fauskemarmor går til innanlandsk produksjon av golvfliser og fasadeplater. Elles vert fauskemarmoren eksportert i store blokker til store delar av verda.
Framleis vert marmor bruka i offentlege bygg i Noreg, til dømes til golvet på terminalbygget på Oslo Lufthavn, Gardermoen som fekk marmor frå Fauske, og det nye operabygget i Oslo som får carraramarmor i delar av fasaden.
Marmor | Marmor | رخام | Мрамор | Marbre | Mramor | Marmor | Marmor | Μάρμαρο | Marble | Mármol | Marmoro | Marbre | Marmoro | Marmer | Marmo | שיש | Marmor | Marmuras | Márvány | Marmer | 大理石 | مەر مەرتاش | Marmur | Mármore | Мрамор | Marmor | Marmori | Đá hoa cương | Mermer | 大理石