article

Mandelmjølk er eit alternativ til kumjølk som kan brukast i matlaginga for menneske som har mjølkeallergi, laktoseintoleranse eller har eit vegansk kosthald. "Mjølka" inneheld verken laktose eller kolesterol, men oppfører seg ganske likt mjølk i oppskrifter.

Det finst mandelmjølkprodukt på marknaden, desse har ofte tilsette vitaminar og kan ha smak av sjokolade eller vanilje, eller vera nøytrale. Ein kan òg enkelt laga mandelmjølk sjølv.

Bruk 2 dl skålda mandlar og 1 liter varmt vatn. Køyr mandlane i hurtigmiksar med litt av vatnet, og tilset resten av vatnet etter kvart.

Mandelmjølka passar bra i vafler og pannekaker i staden for kumjølk.

Mandel | Mjølkeallergi | Vegansk kosthald

almond milk | Mandelmilch

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Mandelmjølk".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld