Related Topics:
Kultura_i_sztuka ::
Kultur ::
Kultura_a_umění
Kultur kjem frå latin colere eller cultura, som betyr å dyrke, foredle eller kultivere.
Omgrepet er uhyre vanskelig å definere fordi det har oppstått ei rad ulike måtar å tolke det på. I 1952 fant forskarar heile 164 forskjellige definisjonar av kultur brukt i engelsk litteratur.
Det er no vanlig å definere kultur etter tre ulike retningar:
- Det kvalitative, verdiorienterte eller humanistiske kulturomgrepet
- Det har som føresetnad at det finst ein kulturell verdimålestokk. Historisk har kulturomgrepet gjennomgått ei endring frå ei konkret tyding knytt til vekst i naturen i overført meining til å kjenneteikne det alminnelige åndelige utviklingsnivået i samfunnet som heilskap.
- idéar, normer og verdiar i ulike samfunn, må forståast på premissa åt desse samfunna, ikkje ut frå nokon utanforståande kvalitativ målestokk. Ein idealistisk samfunnsvitskapelig fagtradisjon vil bruke denne definisjonen:
- Kultur er det fellesskap av idéar, verdiar og normer som eit samfunn, dvs. ei gruppe menneske har og som dei freistar å føre vidare til den kommande generasjon.
- Ein materialistisk kulturhistorisk fagtradisjon vil bruke definisjonen:
- Med kultur forstår vi dels de materielle omkrins, som menneska har bygd opp kring seg, dels den åndelige arven i form av verbale tradisjonar, trosførestillingar, idéar, kunne, normer mm som dei tileigna seg gjennom læring og tilpassing.
- Det utvida eller kulturpolitiske kulturomgrepet
- Det nye kulturpolitiske kulturomgrepet har blant anna sin bakgrunn i ein samfunnsvitskapelig basert sannkjenning av at den tradisjonelle kulturen først og fremst er kulturen for ein sosial elite. Men etter kvart slo det synet igjennom at ein moderne, demokratisk kulturpolitikk burde famne vidare. Det burde omfatte kulturlivet til folk flest «som det levast».
Litteratur
- Berggreen, Brit, Da Kulturen kom til Norge, Oslo 1989 ISBN 82-03-16153-7
- Geertz, Clifford, The Interpretation of Cultures, London 1973 ISBN 0-00-686260-8
- Klausen, Arne Martin, Kultur, mønster og kaos, Oslo 1992 ISBN 82-05-20744-5
Eksterne lenkjer
Kjelder
Kultur
Kultur | Kultur | Kultur
ثقافة | Cultura | Культура | সংস্কৃতি | Cultura | Kultur | Πολιτισμός | Culture | Cultura | Kulturo | Culture | Kultuer | संस्कृति | Kulturo | Cultura | Cultura | תרבות | Çand | Kultūra | Kultúra | Bûn-hoà | Cultura | Cultuur | Kultur | 文化 | Kultura | Cultura | Cultură | Культура | Culture | Култура | Kulttuuri | Kultura | Mädäniät | Культура | Văn hóa | 文化