Spices1.jpg Krydder (fleirtal av krydde (f.) el. krydder (n.)) eller krydd er smaksstoff som vi tilset mat og drikke for å gje ønska smak og aroma, og for å bevara maten. Krydder kan òg brukast som medisin, i religiøse ritual, og i kosmetikk og parfyme.
Krydder inneheld ofte eteriske oljer som fordampar ved relativt låg temperatur. Difor er det viktig å oppbevare dei i tett emballasje på ein kjølig stad.
I tillegg til å heve det estetiske ved maten og hjelpe fordøyinga, kan krydder hindre vekst av sopp og bakteriar, og har dermed ein nyttefunksjon, særleg når det gjeld kjøtrettar i varme land. Nokre krydder, som lauk, kvitlauk, oregano og allehande, drep alle bakteriar som prøver å laga koloniar på maten dei er i. Andre krydder drep bare ein del, men dersom ein blander fleire vil maten halda seg uskjemt lengre.
ST-caravan.jpg Det veks mest krydder i tropiske område, noko som òg er ei forklaring på kvifor krydder blir nytta mest her. Der ein ikkje sjølv kan dyrka det, har etterspurnaden etter krydder alltid vore stor. Ikkje bare safran, men vanlege krydder som pepar og kanel hadde høge prisar. Ein av dei viktigaste grunnane til at Vasco da Gama utførte reisa si frå Portugal til India, var ønsket om å få betre tilgang på krydder. Også Christoffer Columbus var raskt ute med å fortelja at landet han tilfeldigvis hadde oppdaga – Amerika – kunne tilby ei rekkje nye krydder.
Kolonisering og seinare globalisering har ført til at ein har tilgang på rimeleg krydder over heile verda, og har hjelpt til med å spreia eksotiske matrettar til nye land.
Fruktkrydder
Rotkrydder Garlic.jpg.]]
Bladkrydder Thyme.jpg.]]
Barkkrydder Blomekrydder Stengelkrydder WasabiOnOroshigane.jpg klart til bruk.]] Samansette krydderSpis | Koření | Sbeis | Krydderi | Gewürz | Vürtsid | Spice | Especias | Spico | Épice | मसाला | Kruid | Krydder | 香辛料 | Spice | Krydda