article

Klor (frå gresk chloros, grøn) er eit grunnstoff med atomnummer 17 og kjemisk symbol Cl. Det er eit ikkje-metall som opptrer i gassform ved romtemperatur. Ein finn det i gruppe 17 i periodesystemet saman med dei andre halogena. Klor er reaktivt og kan ha mange oksidasjonstal i kjemiske sambindingar.

Særlege kjenneteikn


Klor er eit sterkt oksiderande, bleikande og desinfiserande stoff. Gassen av det reine grunnstoffet er gulgrøn, to og ein halv gong så tung som luft, har ei sterk og ubehageleg lukt, og er svært giftig.

Klor er eit av dei mest elektronegative grunnstoffa etter oksygen og fluor.

Bruk


Klorgass har vorte brukt til kjemisk krigføring under den første verdskrigen.

Reingjeringsmiddel som klorin inneheld hypokloritt.

Det er vanleg å klorera drikkevatn for å drepa bakteriar.

Historie


Klor vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i 1774.

Biologisk rolle


Klor i form av klorid (Cl-) er nødvendig for pattedyr og plantar. Magesyra inneheld saltsyre (HCl).

Førekomst


Det finst store mengdar klor i naturen i form av salt og andre sambindingar. Nokre av desse er nødvendige for dei fleste typar liv, blant dei menneskekroppen.

Sambindingar


Kloridioner frå oppløyste klorsalt utgjer rundt 1,9% av massen av sjøvatn. I Dødehavet er konsentrasjonen endå større.

Viktige sambindingar:

Isotopar


Tryggleik


Klorgass er giftig.

Sjå også


På verdsveven


Gassar | Grunnstoff | Halogen | Ikkje-metall

Klor | Klor | Klor | Chloor | كلور | Хлор | Clor | Chlór | Chlor | Kloor | Χλώριο | Chlorine | Cloro | Kloro | کلر | Chlore | Cloro (elemento) | 염소 (원소) | Kloro | Klór | Cloro | כלור | Hlors | Chloras | Klór | Hau māota | Chloor | 塩素 | Clòr | Chlor | Cloro | Clor | Хлор | Chlorine | Chlór | Klor | Хлор | Hlor | Kloori | คลอรีน | Clo | Klor | Хлор |

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Klor".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld