Kjemi er tradisjonelt definert som læra om stoffa og forholdet mellom stoffa, det vil seia om korleis stoffa reagerer med kvarandre og ordnar seg i forhold til kvarandre. Med grunnlag i nyare teoriar kan også kjemi uttrykkast som læra om elektron og overføring av elektron.
Kjemi vert ofte inndelt i to hovudkategoriar: organisk og uorganisk kjemi, der førstnemnde er læra om karbonsambindingar, medan sistnemnde tek for seg resten av kjemifaget. Ein kan òg dela faget inn i andre kategoriar som fysikalsk kjemi, teoretisk kjemi, miljøkjemi og analytisk kjemi
Kjemi utvikla seg frå alkymi. På 1700-talet utvikla kjemien seg til ein vitskap. På denne tida vart oksygen oppdaga. Seinare vaks det fram ulike retningar, til dømes organisk og uorganisk kjemi.
Grunnstoffa er sentrale i kjemifaget; det er uavhengige stoff som ikkje kan omformast i seg sjølve. Desse vert samanfatta i det periodiske systemet.
Eit grunnstoff er ei samling av like atom, med eit bestemt protontal i kjernen og eit like stort elektrontal rundt kjernen. Dette talet kallast atomnummer til grunnstoffet.
Som eit døme kan me ta hydrogen, det enklaste grunnstoffet. Det har kjemisk symbol H og atomummer 1, men nøytrontalet kan vera 0 (vanleg hydrogen), 1 (deuterium) eller 2 (tritium).
Eit grunnstoff vert sjeldan funne åleine i naturen; dei er som oftast i sambindingar med andre grunnstoff. Motdøme er til dømes oksygen, som kan finnast i to allotrope former: oksygengass og ozongass, men også desse er kjemiske sambindingar, då dei inneheld respektive to og tre oksygenatom, og ikkje eit enkelt eit.
Kjemiske sambindingar er gruppert i tre kategoriar - molekyl, salt og metall - som kvar for seg er karakterisert ved ein bindingstype: elektronparbinding, ionebinding og metallbinding. Desse bindingane kallast med eit samleord intramolekylære bindingar, dvs. bindingar mellom atoma i sambindinga.
Døme på kjemiske sambindingar er molekyl som metan (CH4), karbondioksid (CO2) og vatn (H2O), salt som natriumklorid (NaCl), kaliumsulfat (K2SO4) og magnesiumoksid (MgO) og metall som platina (Pt), wolfram (W) og tinn (Sn).
Me kjenner til fleire millionar organiske sambindingar, medan talet på uorganiske sambindingar er beskjedent i forhold.
Av vanlege reaksjonstypar har me redoksreaksjonar og syre-base-reaksjonar. Oppløysingsreaksjonar vert også nemnde, men dette er ikkje eigentlege reaksjonar, men endringar av intermolekylære bindingar (forholdet mellom ulike sambindingar endrar seg).
I kvardagslivet gjer ein seg stadig nytte av kjemiske reaksjonar. Til dømes i matlaging, vaskemiddel, hårfarging og forbrenning.
Kjemi | Kemi | Kemi | Chemie | Chemie | كيمياء | Quimica | Química | রসায়ন | Hemija | Kimiezh | Химия | Química | Chemie | Chimica | Cemeg | Chemie | Keemia | Χημεία | Chemistry | Química | Kemio | Kimika | شیمی | Evnafrøði | Chimie | Skiekunde | Chimiche | Ceimic | Kemmig | Duileolachd | Química | 화학 | Քիմիա | रसायन शास्त्र | Kemija | Kemio | Kimia | Chimia | Chimie | Хими | Efnafræði | Chimica | כימיה | ರಸಾಯನಶಾಸ್ತ್ರ | ქიმია | Chemijô | Kemia | Chimi | Kîmya | Kemika | Chemica | Ķīmija | Chimie | Chemija | Sjemie | Kémi | Kémia | Хемија | Mātauranga matū | रसायनशास्त्र | Kimia | Хими | Scheikunde | Scheikunde | 化学 | Quimia | خىمىيە | ਰਸਾਇਣ ਵਿਗਿਆਨ | Chemie | Chemia | Química | Chimie | Химия | Chìmica | Chemistry | Kimia | Chìmica | Chemistry | Chémia | Kemija | Хемија | Kimia | Kemia | Kimika | வேதியியல் | Ximiä | రసాయన శాస్త్రము | เคมี | Hóa học | Kimya | Kimya | Хімія | Chimèga | Kiemav | 化學 | 化学