Nu är det jul igen (1907) av Carl Larsson.jpg) av Carl Larsson.]]
Jul, òg skrive jol, er opphavleg namnet på den norrøne midtvinterfesten, men blir i dag særleg bruka om den kristne høgtida til minne om Jesu fødsel. Jula slik ho blir feira i Noreg og elles i Skandinavia i dag, er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jula — i tillegg til enkelte trekk frå mellom anna den jødiske lysfesten hanukká.
I Noreg blir jula feira med julemat, levande lys og musikk; ein gjev kvarandre gåver, dei fleste pyntar juletre, i mange familiar les ein juleevangeliet, mange går til julegudstenester i kyrkja. Det er vanleg å halde juletrefest på samfunnshuset i romjula.
= Opphav =
Juletida var prega av kontrasten mellom fest og uhygge. Medan ein drakk jol og koste seg, måtte ein samstundes passe seg for dei mørke kreftene som var lause. Åsgardsreia, eller berre Reia, var inntil nyare tid namnet på eit skremmande følge av trollpakk og ugjerningsmenn som drog i kring og skremde folk og dyr. Det er uklårt om denne skikken går attende til førkristen tid eller om det er ein omforma eller nyskapt skikk i tidleg kristen tid. I kristen tid var det elles særleg Lussinatta 13. desember ein skulle akte seg for slike.
Julbock (Uppland).png i Sverige.]]
Mange moderne juleskikkar har utvikla seg frå den gamle jola. Mellom anna kan det å setja ut graut til nissen i vår tid ha komme frå ofringa til forfedrane i gravhaugen på garden. Kanskje har òg skikken med å vitje familiegraver julaftan røtene sine i denne eldgamle feiringa.
Romarar feira òg Sol Invictus, den uovervinnelege solguden. Han blei gjenfødd ved vintersolkverv, som i den julianske kalenderen fall på 25. desember. Trua på solguden, som var inspirert av den persiske mitraismen, blei romersk statsreligion i år 207 under keisar Aurelius.
I jødedommen er det skikk å tenne eit stadig aukande tal levande lys i ein spesiell åttearma lysestake under høgtida hanukká, som alltid fell innanfor den kristne adventstida eller jula. I høgmellomalderen var det særleg mykje samkvem mellom jødar og kristne i området kring Rhinen i det sørvestlege Tyskland, og mange jødiske kulturelle trekk vart tekne opp i lokal kristendom. Dette er truleg opphavet til den firearma adventslysestaken der ein tenner eit aukande tal lys på dei fire søndagane føre juledagen.
Den sjuarma lysestaken, som ligg noko nærmare den jødiske hanukkijáen i form, har vore mykje bruka i samband med advent og jul i Tyskland — og denne lysestaken kom truleg til Skandinavia som eit kulturelt lån derifrå på 1800-talet. I dag er sjuarma elektriske lysestakar vanleg vindaugspryd i dei fleste hus i Noreg og Sverige og på Island gjennom heile desember. Ein kan òg finne slike adventsstakar med åtte eller ni lys — og ein sjeldan gong fleire lys.
Det er usikkert kva tid fødselen til Jesusbarnet blei sett i samband med midtvinteren. Dei første historiske kjeldene nemner ei slik feiring på midten av 300-talet. Først feira ein hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåver til den nyfødde fredsfyrsten. Juleevangeliet fekk ein sentral rolle. Det blei vanleg å framføra det som eit spel eller framstilla det i ei julekrybbe, skikkar som har halde seg til våre dagar.
= Feiring = Det er knytt mange tradisjonar, nye som gamle, til tida før jul og til sjølve julefeiringa. For mange er det viktig å feira jul på nøyaktig same måte kvart år. Samstundes kjem det stadig til nye skikkar.
Denne tida er òg prega av julestria, som inneber å rydda, vaska og laga mat til jul. Laging og innkjøp av presangar er òg blitt ein viktig og til tider stressande del av førjulstida.
I Noreg i dag er det julekvelden, altså heile dagen den 24. desember, som vert rekna for den fyrste og viktigaste dagen i jula. Ein trur dette er av di midnattsmessa, som i røynda skal være klokka 12 natt til juledagen, vart flytt fram i tid til ettermiddagen på julekvelden.
Nokre går i kyrkja på føremiddagen, og mange tenner lykter på gravene til nære slektningar. Det siste er ein katolsk skikk som er kommen inn i løpet av 1900-talet.
| Område | Tradisjonell julemiddag |
|---|---|
| Innlandsbygder | ribbe |
| Nord-Noreg | lutefisk, risgraut, pinnekjøt |
| Vestlandet | pinnekjøt |
| Sørlandet | juletorsk |
Det er vanleg å eta til ein blir meir enn mett, og det blir seinare servert dessert. Sjå artikkelen om julemat.
Ein vanleg skikk i Noreg er at ein held seg heime eller blant eigne slektningar på juledagen. Det er gjerne tabu å gå på vitjing til grannar. Sosiale aktivitetar utanom familien blir heller lagde til romjula.
I Storbritannia har jula tradisjonelt vart i tolv dagar etter juledagen. Ho ende med Twelfth Night den 5. januar, og svarte til juletida feira i kyrkja.
I Skandinavia vara høgtida heilt til 13. januar, tjuandedag jul eller Knuts dag. Sjølv om moderne juleferiar som regel er over ved denne tida, feirer ein fortsatt dagen med julgransplundring i Sverige.
= Sjå òg =
Jul | lyshøgtider | kristne høgtider | åsatru | desember
Jul | Jul | Jul | Kersfees | Crīstesmæsse | Коледа | Божае Нараджэньне | Nedeleg | Nadal | Vánoce | Nadolig | Weihnachten | Χριστούγεννα | Christmas | Navidad | Kristnasko | Noël | An Nollaig | 크리스마스 | Božić | Natal | Jól | Natale | חג המולד | Natal | Christi Natalis | Kalėdos | Chrëschtdag | Karácsony | Krismas | Kerstmis | Wiehnacht | クリスマス | Nadal | Boże Narodzenie | Natal | Crăciun | Nadal | Рождество Христово | Natali | Christmas | Божић | Joulu | Pasko | คริสต์มาส | Різдво | 圣诞节