Jordskjelv er rystingar i jordskorpa som skuldast tektoniske platerørsler. Læra om jordskjelv heiter seismologi.
Styrken av jordskjelv måler ein på Richter-skalaen. Skalaen er eksponentiell, så t.d. eit jordskjelv på 7,3 er femti gongar kraftigare enn eit 6,3-skjelv og 2 500 gongar sterkare enn eit på 5,3. Det er ingen nedre eller øvre grenser på skalaen, men det har aldri vore målt høgare verdiar enn 9,5.
På jorda er det meir enn 1,1 millionar jordskjelv kvart år. Ein million av desse er så svake at dei overhovudet ikkje kan merkast av menneske.
Eitt eller to jordskjelv per dag måler over 2,0 i styrke. Den som opplever eit slikt skjelv, kan ikkje unngå å merka det.
Om lag 12 000 jordskjelv per år ligg mellom 4 og 5 på Richter-skalaen og kan forårsaka materielle skadar. 2 000 årlege skjelv er så alvorlege at dei kan øydeleggja bygningar.
Nokre jordskjelv (< 250 per år) er livsfårlege for menneske. Sjå liste over store jordskjelv.
Jordskjelv | Jordbävning | Jordskælv | Aardbewing | زلزال | ভূমিকম্প | Tē-tāng | Землятрус | Potres | Земетресение | Terratrèmol | Çĕр чĕтренĕвĕ | Zemětřesení | Daeargryn | Erdbeben | Maavärin | Earthquake | Sismo | Tertremo | Lurrikara | زمینلرزه | Tremblement de terre | Terremoto | ધરતીકંપ | 지진 | Potres | Ter-tremo | Gempa bumi | Jarðskjálfti | Terremoto | רעידת אדמה | Zemestrīce | Äerdbiewen | Žemės drebėjimas | Földrengés | Gempa bumi | Aardbeving | 地震 | يەر تەۋرەش | Trzęsienie ziemi | Terremoto | Cutremur | Землетрясение | Tirrimotu | Earthquake | Zemetrasenie | Potres | Земљотрес | Potres | Maanjäristys | Lindol | แผ่นดินไหว | Động đất | Deprem | Землетрус | Tronnmint d' tere | 地震 | 地震
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Jordskjelv".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world