Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg (sjå:Islam i Noreg)
Muslimar meiner at den viktigaste skriftlege openbaringa til menneska er Koranen, som dei ser på som den endelege og feilfrie openberringa til menneska. Tidlegare skrifter, som evangelia, Torah og jødiske profetiske skrifter vert også sett på som guddommelege i natur, men har vorte gløymde, mistolka eller forvridd slik at den originale bodskapen har forsvunne over tid.
Den grunnleggjande trusvedkjenninga i islam er sjahada: Det er ingen Gud utanom Gud, og Muhammed er Guds tenar og bodbringar (arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله). Islam vert skildra som ein dīn, ein livsveg eller ei rettesnor.
Dei to største undergruppene av muslimar er sunni-muslimane og sjia-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, 85-90%, men sjia-muslimane utgjer majoriteten i land som Iran og Irak. Sunni-islam sine grunnleggjande pillarar vert referert til som Dei fem søylene i islam, medan shia-islam har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggjande røter i religionen og ti grunnleggjande greiner. Muslimar har til felles dei følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som dei fem søylene og sjia-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner:
Grunnleggjande i islam er Guds einskap, tawhid, ein absolutt monoteisme. I sura al-Ikhlas (sure/kapittel 112) vert Gud skildra slik:
På arabisk vert Gud kalla Allāh. Ordet har ein etymologisk samanhang med ʾilāh "guddom", og har slektskap med det hebraiske Ēl, som ein finn att i Elohim, Herren. Allāh vert også brukt som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden dei dyrkar er den same som den jødiske og kristne guddommen, men avviser den kristne læra om Guds treeining. Med unntak av eitt byrjer alle kapitla i Koranen med setninga I namnet åt Gud, den miskunnsame, den nåderike.
Koranen er den mest heilage skrifta i islam. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet for resitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islam vert sett på å vera Koranen.
Muslimar trur at Koranen vart openberra til Muhammed av Gud gjennom erkeengelen Gabriel i åra 610–632 evt. I tillegg til å ha lært Muhammed sine openberringar utanåt skal følgjesveinane hans ha skrive dei ned. Muslimar trur at Koranen i dag er den same som den som vart openberra Muhammed og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av Koranen som er i bruk i dag fyrst vart sett saman i skriftleg form av den tredje kaliffen, Uthman ibn Affan, ein gong mellom 650 og 656. Han sende då kopiar til dei ulike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåver skulle øydeleggjast.
Dei fleste muslimar meinte frå tidlege tider at Koranen berre var perfekt og fullstendig i det språket den vart openberra, arabisk. Omsette utgåver av Koranen vert difor ofte stilt føre som korankommentarar eller som fortolkingar av Koranen si tyding.
Koranen er dela inn i kapittel (arabisk: sura) og vers (arabisk: ayat). Kapitla er sorterte i rekkefølgje med dei lengste først, uavhengig av kva dei handlar om eller kva tid Muhammed fekk dei frå Gud.
Hadíth-skriftene er skrifter som viser til Muhammed og hans følgjessveiner sine orde og gjerningar. Samlingar av hadíthskrifter er rekna å vera eit viktig verktøy i tolkinga av sjaria (islamsk lov). Muslimske skriftlærte deler gjerne hadíth-skriftene om Muhammed inn i tre grupper:
Ei eiga undergruppe av hadíth, hadith kudsi vert av muslimar sett på som Guds ord, gjenteke av Muhammed.
Det finst ei lang rekkje undergrupper av islam. Dei to viktigaste grupperingane islam kan delast inn i er sunni-islam og sjia-islam, medan sufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjia- og sunni-muslimar, vert rekna for å vera islam si mystiske retning.
Sunni-muslimane er den største gruppa innan islam, grovt rekna 80% av verdas muslimar er rekna å vera sunni-muslimar. På arabisk tyder as-sunnah bokstaveleg tala prinsipp eller sti, medan omgrepet sunna i islam viser til tradisjonen etter Muhammed. Sjia-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innan islam, og skil seg frå sunniane gjennom manglande aksept av dei tre fyrste kaliffane, eigne lovtradisjonar og den sentrale rolla gjeve til Ali og til imamane. Både sunni- og sjiaislam er delt inn i ei rekkje undergrupper. Ei tredje gruppe som daterer attende til den store skisma i islam er kharidjittane, ibadismen er ein overlevande arvtakar etter desse.
Det finst også andre mindre muslimske grupper som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni eller sjia-muslimar, samt grupper som i noko eller full grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i noko eller lita grad vert allment akseptert som dette. Blant desse finn ein zikri-religionen, Nation of Islam, drusarane, alawittane og ahmadiyya-rørsla.
Islam | Abrahamittiske religionar | Religion og livssyn
Islam | Islam | Islam | Islam | إسلام | Islam | Islam | İslam | Sìlàmɛya | ইসলাম | Ислам | Іслам | Islam | Islam | Ислям | Islam | Ислам | Islám | Islam | Islam | Islam | Ισλαμισμός | Islam | Islam | Islamo | Islam | اسلام | Islam | Islam | Ioslam | Ioslam | Islam | 이슬람교 | Hoʻomana Mohameka | इस्लाम धर्म | Islam | Islamo | Islam | Islam | Islam | Íslam | Islam | אסלאם | Islam | Islam | Uislamu | Îslam | Religio Islamica | Islāms | Islamas | Islam | Islamu | musyjda | Iszlám | Ислам | Islam | Islam | イスラム教 | اسلام | Islam | Islão | Islam | Ислам | Islam | Islam | Islam | Ислам | Islam | Islam | Islam | Islam | இஸ்லாம் | Íslam | ศาสนาอิสลาม | Hồi giáo | İslam | Іслам | اسلام | Islam | איסלאם | 伊斯兰教