Isbjørn (Ursus maritimus) vert også kalla polarbjørn og er verdas største landlevande rovdyr. Dette iaugefallande kvite dyret har blitt eit symbol på is og snø i verdas nordområde, og er først og fremst å finne i Arktis.
Isbjørnen har eit tjukt lag med spekk og tjukk pels med hole, varmeisolerande og vassavstøytande hår som dekkjer heile kroppen. Han kan lett motstå den ekstreme kulda som kan oppstå i desse områda. Pelsen framstår som kvit, men kan bli svakt gulbrun på grunn av oksidering om sommaren. Eigentleg har ikkje pelshåra pigment (dei er fargelause), men sidan huda er svart verker pelsen kvit.
Isbjørn trivst best ute på polarisen, der han jaktar på sel og anna polarvilt. Han følgjer gjerne med drivisen og kan såleis ende opp langt frå fastisen. Forskarar har registrert bjørnar som har tatt symjeturar på opp mot 160 km. På sommartid kan han trekkje inn mot land, og då spesielt mot kysten av Alaska, Grønland, Svalbard og Russland.
Varme er eit problem for isbjørn, sidan desse dyra kan overopphetast om temperaturen stig over 10 grader Celsius. På sommartid held han seg derfor gjerne på isen. Isbjørnen er ein einsam jeger, sjølv om han treff på artsfrendar rundt dei mange kadavera.
Bjørnen et også åtsel. Eit kvalkadaver kan dermed verte ein stor møteplass for isbjørnar, som elles helst jaktar åleine. Han kan også ete avfall etter menneske, noko som gjer det potensielt farleg på plasser der isbjørn og menneske lever side om side.
Isbjørn er svært utsett for miljøgifter fordi dyret ligg på toppen av næringskjeda. Særleg utsett er dei for PCB som mellom anna forstyrrar hormonsystemet, gjev nedsett immunforsvar, reduserer formeringsevna, gjev nedsett levealder hos vaksne dyr og høgare barnedødelegheit. Dette kan gje ein redusert overlevingsevne eller ein rask nedgang i bestanden på grunn av sjukdomsutbrot.
bjørnefamilien | pattedyr i Noreg
Isbjørn | Isbjörn | Isbjørn | Pe̍h-hîm | Бяла мечка | Medvěd lední | Eisbär | Polar Bear | Ursus maritimus | Blanka urso | Ours blanc | 북극곰 | Polarni medvjed | Beruang kutub | Ursus maritimus | דוב הקוטב | Ursus maritimus | Baltasis lokys | Iesbeer | Beruang Polar | IJsbeer | ホッキョクグマ | Niedźwiedź polarny | Urso-polar | Urs polar | Белый медведь | Polar bear | Severni medved | Jääkarhu | Gấu trắng Bắc Cực | Kutup ayısı | 北極熊