article

Ikkje-metall er dei grunnstoffa som er isolatorar i kondensert tilstand (sjølv om dei fleste under normale tilhøve er gassar), og elles ikkje har eigenskapar som er typiske for metall. Ikkje-metalla har stort sett høg elektronegativitet og dannar negative ion. Dei dannar oftast kovalente bindingar med kvarandre eller ionebindingar til metall.

Med unntak av hydrogen står ikkje-metalla i øvre høgre del av periodesystemet og er skilde frå metalla med ei diffus skrå line av halvmetall. Bortsett frå vatn (dihydrogenmonoksid), som er nøytralt, er oksid av ikkje-metall sure – t.d. karbondioksid (dannar kolsyre i vatn), nitrogendioksid (dannar salpetersyre) og svoveltrioksid (dannar svovelsyre).

Følgjande faste stoff, væsker og gassar høyrer til ikkje-metalla: hydrogen, karbon, nitrogen, fosfor, oksygen, svovel, selen, fluor, klor, brom, jod, helium, neon, argon, krypton, xenon og radon. Sjølv om mindre enn 1/4 av talet på grunnstoff er ikkje-metall, utgjer dei meir enn 3/4 av stoffmengda på jorda.

Sjå òg


Ikkje-metall | Grunnstoff

Ikke-metall | Icke-metall | لا فلز | No metall | Nekov | Nichtmetall | Αμέταλλα | Nonmetal | No metal | Nemetalo | Non-métal | 비금속 | Málmleysingi | Non metallo | אל מתכת | Niet-metaal | 非金属元素 | Nichtmetalle | Niemetale | Não-metal | Nemetal | Неметаллы | Nonmetal | Epämetalli | อโลหะ | Ametal | 非金属元素

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Ikkje-metall".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld