Glucagon.png.]]
Hormon (frå gresk horman, 'set igang') er molekyl som verker som budbringarar frå ei celle til ei anna celle eller cellegruppe. Alle fleircella organismar produserer hormon, også plantar. Hormona kan verka over kortare eller lengre avstand.
Dei er del av det endokrine systemet, som saman med sentralnervesystemet samordnar grunnleggjande livsprosessar som fordøying og forplanting. Endokrine celler frigjev hormona i blodomløpet, andre kroppsvæsker eller direkte til nabovev.
Alle cellene i kroppen kan produsera fleire molekyl som regulerer produksjonen av andre molekyl, anten i cella sjølv eller i naboceller. Dei klassiske hormona regulerer kroppen på eit overordna nivå, heile organismefunksjonen. Dei kan òg ha meir lokale verkeområde.
Hormona kan verka på fleire ulike måtar, til dømes ved å binda seg til særskilde reseptorar på utsida av cella, ved å trenga inn i cellekroppen og starta eller stoppa ein reaksjon der, eller ved å utløysa programmert celldød. Mellom anna i fosterstadiet og puberteten kan hormon setta i gang innvikla utviklingskjeder som påverker utviklinga til heile kroppen.
Hormon | Hormoner | Hormon | هرمون | Hormon | Хормон | Hormona | Hormon | Hormon | Hormone | Hormona | Hormono | Hormone | 호르몬 | Hormono | Ormone | הורמון | Hormonas | Hormon | Хормони | Hormoon | ホルモン | Hormon | Hormona | Гормоны | Hormone | Hormon | Hormoni | ฮอร์โมน | Hormon | Гормон | 激素