Eit hjul er ein sirkel- eller sylinderforma konstruksjon for å omdanne lineær rørsle til rotasjonsrørsle. Hjulet vert rekna som ein av dei enkle maskinane i fysikken.
Hjulet regnast òg som ei av dei viktigaste oppfinningar i menneske si historie. De fleste plasserer oppfinninga av hjulet i Mesopotamia kring 4000 f.Kr. Det ser også ut til å ha blitt oppfunnet i Kina omkring 2800 f.Kr. uavhengig av Mesopotamia. Blant sivilisasjonar på den vestlege halvkula finn ein hjulliknande gjenstandar i samband med leikety frå kring 1500 f.Kr.
I juli 2001 klarte John Keough, ein advokat frå Melbourne i Australia, å ta patent på hjulet. Han skildra hjulet i søknaden som ein «sirkulær gjenstand som muliggjer transport». Meininga var å vise at moderne patentlover er unøyaktige og urettferdige, slik at uærlege personar lett kan dra nytte av andre sine oppfinningar.
Roda | Roda | Rad | Wheel | Rueda | Rado | Gurpil | Roue | 바퀴 | Roto | Ruota | גלגל | Rota | Ratas | Wiel (voortbeweging) | 車輪 | Koło (technika) | Roda | Колесо | Wheel | Kolo | Точак | Pyörä | Hjul