heart-and-lungs.jpg)]] Eit hjarte (cor) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæskar gjennom kroppen med stadige rytmiske samantrekningar. Det finst kretsløpsystem utan hjarte (t.d. hos leddorm), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). I grupper med lukka kretsløpsystem pumpar hjartet blod gjennom blodårar (t.d. hos virveldyr). I grupper som har eit ope kretsløpsystem, syter hjartet for at all kroppsvæske straumer gjennom heile kroppen (t.d. hos leddyr).
Hjartet har fire holrom eller kammer, eit venstre og eit høgre forkammer (atrium) øvst og eit venstre og eit høgre hjartekammer (ventrikkel) nedst. Ein skiljevegg (septum) skil høgre- og venstresida av hjartet frå kvarandre. Venstre hjartekammer ligg til dels under og bak høgre hjartekammer. Det har kjeglefasong og tjukke vegger. Høgre hjartekammer har ein trekanta fasong og er falda halvegs rundt det venstre. Det har tynnare veggar. Forkammera har enno tynnare veggar. Klaffar mellom forkammer og hjartekammer syt for at blodstraumen berre går ein veg.
Høgre hjartekammer pumpar blod til lungene, venstre hjartekammer pumpar til resten av kroppen. Det er klaffar også ved utløpa frå hjartekammera.
Frå kroppen kjem blod med lågt oksygeninnhald inn til høgre forkammer frå dei to store venene. Øvre holvene (vena cava superior) tømmer armar, overkropp og hovud, nedre holvene (vena cava inferior) tømmer resten av kroppen. Frå høgre forkammer går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer. Derfra renn det gjennom pulmonalklaffen og ut i lungekretsløpet (også kalla det lille kretsløpet eller pulmonalkretsløpet). Her får blodet tilført oksygen frå lungene, motsatt veg luftar kroppen ut karbondioksid. Det oksygenerte blodet kjem så attende til hjartet i venstre forkammer gjennom lungevenene. Blodet renn ned i venstre hjartekammer gjennom mitralklaffen, for så å bli pumpa ut gjennom aortaklaffen og ut i den store livpulsåra (aorta).
Venstre hjartekammer har meire muskelmasse enn høgre av di han pumpar mot ein høgre motstand, alle kroppens blodårer utanfor lungene. Motstanden i lungekretsløpet som høgre hjartekammer forsyner er mykje mindre.
At hjartet kan trekkje seg saman kjem av at veggane er bygde av musklar som kan arbeida utan stans og utan å bli slitne ut. Veggane har tre lag. Epikard er det fyrste eller ytterste og er danna av flate epitel-celler og bindevev. Under dette ligg myokard den eigentlege muskelen. Endokard er enno eit lag av flate epitel-celler og bindevev, no inn mot hjartekammera.
Hjartemuskelens eigen blodforsyning kjem frå høgre og venstre kranspulsåre (koronararterie), som går av frå livpulsåra straks etter hjartet. Dette blodet kjem attende til høgre forkammer gjennon koronarsinus (sinus coronarius).
Hjartets oppgåve er å pumpe blod rundt i kroppen. Kvart hjarteslag er ei rekke med hendingar som tilsamman kallast hjartesykelen. Kvar sykel har tre hovudtrinn: forkammersystole, hjartekammersystole og hjartets diastole. Under systolen trekk forkammera seg saman og pressar blod inn i hjartekammera. Når samantrekninga stoggar og forkammera slappar av, synk trykket i forkammera og blir lågare enn i hjartekammera. Då prøvar blodet å renna attende, og trikuspidal- og mitralklaffane lukkar seg. Det er lukkinga av klaffane som lagar den kjende lyden av hjartet som slår.
Hjartekammeras systole er òg ein samantrekning som driv blodet ut, i dette tilfellet til kretsløpsystemet. Også her lukkar klaffane ut, aorta- og pulmonalklaffen, når pumpekammera slappar av.
Til slutt blir hjartet fylt på nytt når kammera no slappar av. Dette kallast diastole og startar noko tidlegare i forkammera enn i pumpekammera.
Rytmen i samantrekningane vert styrt frå sinoatrial- og atrioventricular-knutane. Sinoatrialknuten, også kjend som hjartas pacemaker, ligg i øvre vegg i høgre forkammer og skapar ein elektrisk impuls som stimulerer forkammera til å trekkja seg saman. (Sjå aksjonspotensial.)Når den elektriske impulsen når atrioventrikulærknuten, som ligg øvst i veggen mellom hjartekammera, vert den leia gjennom Den Hiske bunt og fører til samantrekning av pumpekammera. Tida det tek for impulsen å nå fram til denne knuten frå sinoatrialknuten skaper eit opphald mellom samantrekningane i dei to kammera, og sikrar at kvar samantrekning skjer samstundes i dei to forkammera og ein augneblink seinare i dei tohjarteekammera. I tilfelle med stor patologi kan Purkinjefibrane også overta som pacemaker. Dette vert vanlegvis ikkje tilfellet, fordi desse nervefibrane sin spontane «avfyring» av impulsar er betydeleg langsamare enn rytmen til dei andre pacemakerane, og derfor vert fibrane overstyrt av desse.
Dersom eit menneske har hjartestans (ikkje følbare hjarteslag), bør ein straks starta hjarte-lungeredning (munn-til-munn og hjartemassasje).
Slimålar har i tillegg sokalla aksessoriske hjarter, «hjelpehjarter», på tre skilde stader i kroppen: eit par i halen, eit par i hovudet, og eit enkelt hjarte i leverportåra. Desse hjelper med å pumpe det venøse blodet attende til «hovudhjartet».
Hjartet pumpar det oksygenfattige blodet til gjellene. Etter tilførsel av oksygen går blodet til heile kroppen.
I stamarten til kjevemunnane fikk hjartet ei s-form, ved at venesekken og forkammeret ligg oppå pumpekammeret og hjartekonen, slik at blodet strømmer «baklengs» mellom for- og hjartekammer. Slik er det hos dei aller fleste fiskeartane.
Hjartet pumpar her blanda blod. Det eine forkammeret tek i mot oksygenfattig blod frå kroppen og det andre forkammeret oksygenrikt blod frå lungene. Blodet frå begge forkammera blir blanda i hjartekammeret.
Dei andre virveldyra på land har ikkje berre to forkammer, men òg to hjartekammer. Delinga av hjartekammeret skjedde altså i stamarten til amiondyr, men skiljeveggen var ikkje fullstendig. Dette fører med seg at venøst og arterielt blod blir blanda i hjartet. Samtidig med delinga av hjartekammeret vart hjartekrona delt i tre; éin del dannar overgangen til lungearterien, ein annan til den venstre aortaen og den siste til høgre aortaen. Denne tilstanden finn vi i dag hjå bruøgla, skjelpadder og skjelkrypdyr.
Skiljeveggen i hjartet vart fullstendig lukka to gonger uavhengig av kvarandre innanfor amniondyra: Den eine gongen var i den felles stamarten for krokodillar og fuglar, og den andre gongen var i stamarten åt pattedyra. Dermed det i begge dessa falla til rettes for eit fullstendig skilje mellom venøst og arterielt blod. I både fuglar og pattedyr har dessutan den eine av livpulsårene gått tapt. Men mens fuglar berre har bevart den høgre livpulsåra, er det i pattedyra den venstre livpulsåra som er bevart.
Pattedyr lever stort sett i 1 milliard hjarteslag, medan mennesket lever i 23 milliardar slag.
Ein er ikkje viss på kor ofte hjarte har oppstått uavhengig i dyra sine stamtre. Men i og med at det mest truleg ikkje fanst noko hjarte i den siste sams stamarten for t.d. virvel- og blautdyr, må hjarte ha oppstått minst to gonger uavhengig av kvarandre.
I opne sirkulasjonssystem vert blodet kalla hemolymfe. Her er det strengt tatt ikkje snakk om blod i eigentleg forstand, men ei kroppsveske med mange ulike bestanddelar.
Ryggstrengdyr vert i sin tur samanfatta med enteropneustar, pigghuder og pterobrankiar til deuterostomiar. Hos enteropneustar, pterobrankiar og nokre pigghudar (m.a. sjøpinnsvin og sjøstjerner) finn ein blæreaktige utvidingar av blodårer, som har hjartelignende funksjon. Desse kan trekkja seg saman og dermed transportera blod i kroppen. Det er likevel usikkert om desse organa er homologe med kvarandre og/eller med ryggstrengdyra sine hjarter. Hos pigghuder (der organet heteir «dorsalblære») finst det t.d. ikkje noko sirkulasjonssystem i eigentlig tyding, men eit «hemalsystem» med årer som sluttar blindt. Derfor er det tvilsomt og framleis uavklart om desse systema i det heile tatt kan samanliknast med vårt sirkulasjonsorgan og hjarte.
kardiologi | Det kardiovaskulære systemet | Anatomi | Hjarte
Hjerte | Hjärta | Hjerte (organ) | قلب | Srce | Сърце | Cor | Srdce | Calon | Herz | Süda | Heart | Corazón | Koro | قلب | Cœur | Corazón | 심장 | Srce | Kordio | Jantung | Hjarta | Cuore | לב | Dil | Häerz | Širdis | Szív | Срце | Jantung | Hart | 心臓 | يۈرەك | Serce | Coração | Сердце | Zemra | Cori | Heart | Srdce | Srce | Срце | Jantung | Sydän | หัวใจ | Kalp | Серце | قلب | 心臟 | 心臟