Hinduismen er den eldste av dei store verdsreligionane, og den mest mangfaldige. Religionen er ei blanding av ei rekkje tradisjonar frå dei mange ulike folkeslaga som har budd på det indiske subkontinentet, og har endra seg mykje over tid. Det er vanskeleg å seia nøyaktig kva religionen går ut på og kven som er hindu, men utøvarane har likevel til felles ein kulturell bakgrunn, liknande rituale og høgtider, visse heilage forteljingar, og stort sett ei forståing av at det finst mange måtar å utøva religionen på.
Tru
Religionen tek utgangspunkt i gamle
vediske tekstar og rituale på
sanskrit, men inneheld òg ei lang rekke andre, lokale tradisjonar frå
det indiske subkontinentet.
Han kan tolkast på ulike vis, slik at det til dømes er mogleg å tru på éin Gud, fleire gudar, eller ingen, og vera hindu.
Grunnprinsipp
Det finst visse prinsipp som dei fleste hinduar ser på som sanne, om dei er klar over dei — at verda me lever i er ei førestilling (
samsara) medan det verkelege er ande, at
sjelen (
atman) følger
karmalovane og blir gjenfødd fram til han lausriv seg frå jordelivet og blir eitt med verdsanden (
moksja), og at einkvar må følga sin eigen veg med særskilde reglar og etikk (
dharma).
Gudstru
Hinduismen blir rekna som ein
heidensk religion. Med det meiner ein mellom anna at han godtek at det finst mange gudeformer, og at ein kan tilbe kva det skal vera, til dømes eit
tre eller ein
gudefigur, ved å be og ofra til det. Det finst ei rekke gudegrupper som blir tilbedne av ulike grupper,
og lokale guddommar. Truleg stammar desse frå fleire opphavlege religionar som er blitt opptekne i hinduismen.
Hinduistiske tenkjarar hevdar ofte at alle desse gudane er fleire sider av same sak — verdsaltet, brahman, som er så godt som umogleg å forstå for menneske.
Skrifter
Hinduismen har ein fleire tusen år gammal skrifttradisjon, noko som fører med seg at tekstane er mangearta og uoversiktlege. Nokre skrifter blir haldne heilage av dei fleste, hovudsakleg dei fire
Vedaene, og gudeforteljingane
Ramayana og
Mahabharata. I tillegg finst ei rekke kommentarar og tolkingar til Vedaene, som
puranaene, men alle desse blir ikkje godtekne som heilage av alle hinduar. Det finst òg fleire aksepterte måtar å lesa Vedaene på, og mange ulike gjenforteljingar av dei to eposa.
Utøving
På same måte som det finst mange måtar å tru på innan hinduismen, kan ein òg utøva religionen på ulike vis. Mange hinduar flettar trua si inn i dagleglivet, til dømes ved å seia eller synga
bøner, utføra
podja,
fasta eller
la vera å eta kjøt, eller gå i
tempel. Ein kan følga sin veg innan hinduismen ved å arbeida hardt og dermed hjelpa samfunnet, eller, for kvinner, ved å via seg heilt til
familielivet og ektemannen sin. Å utøva
musikk eller
dans er andre måtar å koma nærare det gudelege på.
Eit fåtal hinduar vel å via livet sitt heilt til religionen, og blir vandrande eller mediterande tiggarmunkar og -nonner. Desse skal avstå frå alt verdsleg liv, og blir gjerne kalla brahmatsjariar eller sanjasiar.
Samfunn
Ettersom hinduismen er så nær knytt til dagleglivet, er det vanskeleg å seia kva som er religion og kva som er kultur. Eit kjend døme er det indiske kastesystemet, som lenge var ein integrert del av hindusamfunnet, men som mange hinduar i dag vil seia ikkje er ein del av religionen deira.
Små og store høgtider er ein viktig del av religionen, og blir markerte både gjennom feiring og fornekting. Ein kan til dømes observera ein eller fleire heilagdagar i veka gjennom faste og podja. Samstundes samlar samfunnet seg om fleire store høgtider, som den årlege dipavali, eller kumbh mela kvart tolvte år.
Utbreiing
Det finst omlag 800 millionar hinduar, noko som gjer religionen til den tredje største i verda, etter
kristendommen og
islam.
Hinduar bur først og framst i
India, men ein finn òg større hindusamfunn i
Nepal, på
Sri Lanka,
Bali,
Mauritius, og i
Karibia, særleg
Guyana. I tillegg til sørasiatisk migrasjon har
misjonering ført til at det òg finst hinduar av ikkje-asiatisk bakgrunn i mange vestlege land.
Symbol
Symbol i
ord og
bilde er svært viktige innan hinduismen, i alt frå utsmykking av
tempel til filosofisk
hymnetolking. Visse symbol er blitt ikoniske over heile verda, til dømes
aum-lyden og
svastika-teiknet. Andre er meir skjulte, og kan til dømes koma frå fleire tydingar av
sanskritord. Andre stader symbolbruk går igjen er i utforminga av
gudebilde. Stillinga, utsjånaden og omgjevnadane til eit måleri eller ein skulptur av ein hindugud er sjeldan tilfeldig.
Ordsoge
Sjølv om det fortsatt er usemje, meiner dei fleste språkforskarar at omgrepet
hindu opphavleg kjem frå
Induselva, som
persarane kalla Hindu. Då persisktalande erobra store delar av India, kalla dei alle innfødde med dette namnet. Språket
hindi, også kalla
hindustani, og
India, også kalla
Hindustan og
al-Hind, har same opphav.
Bakgrunnsstoff
hinduisme | religion og livssyn
Hinduisme | Hinduism | Hinduisme
Hindoeïsme | هندوسية | Hinduizam | Hinduisme | Hinduismus | Hinduismus | | Hinduism | Ινδουϊσμός | Hinduismo | Hinduismo | Hinduism | هندوگرایی | Hindulaisuus | Hindouisme | הינדואיזם | हिन्दू धर्म | Hinduizam | Hinduizmus | Hindu | Hinduismo | Hinduismo | Hindúismi | Induismo | ヒンドゥー教 | 힌두교 | Hindoueth | Hindoeïsme | Induizmas | Hinduisms | ഹിന്ദുത്വം | हिन्दू धर्म | Hindoeïsme | Hinduizm | Hinduísmo | Индуизм | Hinduizmus | Hinduizem | Hinduizm | Ấn Độ giáo | הינדויִסם | 印度教