article

Earth-lighting-equinox EN.png).]]

Haustjamdøgn er saman med vårjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn vert dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på hausten.

Haustjamdøgn inntreff frå 22. til 24. september alt ut frå kvar ein er. I regelen er det den 23. september, men på ein tidlegare dato mot vest og seinare mot aust.

Det er vanleg å halda haustfestar rundt denne tida, til dømes hausttakkefest. Innan wicca feirer ein mabon. I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, Shūbun no hi) der ein vitjer familiegravstader og held familieselskap.

I den franske revolusjonskalenderen, i bruk frå 1793 til 1805, var haustjamdøgn nyttårsdagen. Dette fordi den første franske republikken blei erklært den 21. september 1702, og den nye kalenderen med eit nytt år blei rekna for å ha byrja dagen etter.

Bakgrunnsstoff


Kjelder

dagar | haust

Høstjevndøgn | Höstdagjämningen

Herbsttagundnachtgleiche | Autumnal equinox | Aŭtuna ekvinokso | Syyspäiväntasaus | 秋分 | 추분 | Równonoc jesienna | Thu phân | 秋分

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Haustjamdøgn".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld