Hail_Hagel.jpg Hagl er nedbør av ispartiklar. Dei er laga av underkjølte regndropar som frys rundt eit objekt, som eit støvfnugg eller ein anna haglpartikkel. Haglkorn kan ha ein storleik på nokre millimeter til nokre desimeter i særskilde tilfelle.
Golf ball sized hail - NOAA.jpg
Hagl blir ofte danna i sterke torevêr, ofte langs ein kaldfront, der luftlaget på toppen er mykje kaldare enn det som er på botnen. Haglkorna kan fortsetja å veksa til dei blir for tunge, eller til dei fell ut av luftstraumen som held dei oppe. Jo lenger dei sprett rundt i den kalde lufta, jo større veks dei. Superstore haglkorn blir ofte danna i varme delar av verda, fordi luftstraumane oppover er sterkare der.
Hagl | Hagel | Hagl (nedbør) | Kroupy (meteorologie) | Hagel | Hail | Granizo | Hajlo | Grêle | Grandine | ברד | Zîpik | Hagel | 霰 | Grad | Hail | ลูกเห็บ