Gul er ein primærfarge, og komplementærfarge til blå. Den gule delen av fargespekteret reknar ein om lag frå 570 til 600 nanometer bølgjelengde. På grunn av tradisjonelle fargestoffa brukte innan målarkunst blei han tradisjonelt sett på som komplementær til lilla. I estetikken reknar ein gult til dei varme fargene.
Fargen minner om gull og står då òg for denne valøren innan heraldikken. Han har lenge vore eit symbol på rikdom og lukke i Austen. Mellom anna stod han for den kinesiske keisarfamilien, og det var forbode for vanlege folk å bera gule klede. I Sør-Asia blir gult i form av gurkemeie brukt i religiøse ritual for å bringa lukke, og buddhistiske munkar kler seg ofte i gulfarga klede.
Men gult kan òg stå for negative ting. Det er hudfargen til ein som har gulsott, og kan stå for feigedom. Det er òg fargen til galle.
I arabisk kultur kan eit «gult smil» vera eit uekte smil som anten blir brukt for å skjula ekte kjensler, eller for å visa at ein spøk eller liknande ikkje var særleg morosam.
Gult var forbunde med Kina på grunn av keisarsambandet og fordi ein meinte menneske frå Aust-Asia hadde gul hudfarge. Det rasistiske omgrepet «den gule fare» viste til frykta ein hadde for menneske derfrå på 1800-talet og seinare. Også i dag blir «guling» brukt som eit rasistisk eller humoristisk omgrep om austasiatar.
I den kristne delen av verda har gult nært samband med påske.
Ein bruker gult i trafikken. I trafikklys tyder det gjerne «vent» eller «gjer deg klar», medan det på jarnbanesporet tyder «køyr sakte». Nokre stader er drosjane gule for å fanga merksemd. Praksisen skal ha starta i New York då ein drosjeeigar fann ut at gult er den fargen menneska ser best over avstand. På same måte blir skarpt gult brukt på vestar og andre klede som skal gjera folk synlege.
Gul | Gul | Gul | Q'illu | Groc | Žlutá | Gelb | Yellow | Amarillo | Flava | Hori | Jaune | Amarelo | Kuning | Giallo | צהוב | Kuning | Geltona | Sárga | Isfar | Cōztic | Geel (kleur) | 黄色 | سېرىق رەڭ | Barwa żółta | Amarelo | Galben | Жёлтый цвет | Giarnu | Yellow | Žltá | Rumena | Жута боја | Keltainen | Vàng (màu) | Sarı | 黄色